Korleis kan vi leggje til rette for at barn er med i leik?

I artikkelen om Children as playing citizens forstår eg leik som ein aktivitet som svært viktig for barn. Dermed er det ein arena som barna har svært lyst til å delta på, og som ofte blir rekna for å vera demokratisk – kanskje fordi leiken er meir barnestyrt enn vaksenstyrt. Men er leik demokratisk? Er det lett å vera med å endre kva som skal skje i leiken, kva reglar som skal vera der, eller å kome inn i leiken?

Tidlegare forsking viser at barnehagepersonale ofte ser leik, eller fin leik, som rolleleik. Då eg fylgde barna i tre barnehagar viste det seg at sjølve leiken, kva slags leik det er og kva den handlar om gir ulike høve til å kunne delta. Det var rolleleik som kunne vera vanskelegast for nokre av barna å koma inn i. For å kunne vera med der blei det ofte vist til slikt som enkeltbarn ikkje kunne gjera noko med – til dømes kor mange år ein er, kor lenge ein hadde gått i denne barnehagen, eller om ein allereie er vener. Puslespel og måten det blei organisert i den eine barnehagen, gav derimot gode høver til å delta og til å påverka kva som skulle skje i leiken. Og den leiken som gav størst rom for ulike deltaking var gøyme-og-fangeleik.

Erfaringar frå feltarbeidet viser at det fort kan skje inkluderande leik med plass til ulike måtar å delta på, på uventa tider og stadar i barnehagen. Verken puslinga eller gøyme-og-fangeleiken eg viser til, var tenkt som leik. Puslespela var henta fram for å få til god overgang frå å vera inne til å gå ut, og gøyme-og-fange leiken var noko barna starta ved overgangar frå gruppeaktivitetar til fellesaktivitetar eller frå å vera inne til å gå ut. Då grupperte barns seg og fann gode stadar til å gøyme seg. Personalet kom for å henta dei og blei dermed den som ‘hadde han’. Det finns antakeleg også andre aktiviteter i barnehagen som ved fyrste blikk, ikkje blir fortått som spennande og viktige leikar.

Dette viser at det bør vera høve til ulik leik i barnehagen. Leikar som er kjekkare dess fleire som er med, og der personale lett kan gjera ein forskjell ved å vera med, til dømes som den som ‘har han’ i gøyme-og-fange-leik, kan vera ein god måte å starte med å byggje relasjonar og dermed høyre til i barnefellesskap. Det same gjeld å leggje puslespel der det kan vera lett å delta som likeverdig i. Slik kan ein også kome i posisjon til å kunne vera med i rolleleik.

Grindheim, L.T. (2017) Children as playing citizens. European Early Childhood Education Research Journal 25(4), 624-636.

 

Liv Torunn Grindheim

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *