PhD programme in Bildung and Pedagogical Practices – General description

Studier av danning og didaktiske praksisar

Ph.d.

Ph.d.-studiet Studium av danning og didaktiske praksisar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ei forskarutdanning som kvalifiserer for vitskapleg arbeid og forsking innanfor feltet danning og didaktiske praksisar slik dette problemområdet utfalder seg innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar.

Studiet har som premiss at danning ter seg ulikt i ulike utdanningskontekstar. Studiet tar difor ikkje utgangspunkt i ein bestemt definisjon av danningsomgrepet, men opererer med ei vid tenking om danning. Studiet utfordrar til nye måtar å studere danning på som praksisrelaterte prosessar (for eksempel spenning mellom danning, institusjonelle mekanismar og sjølv-danning, reproduksjon og endring).

Studiet vil for det første bygge på drøfting av sentrale originaltekstar frå danningas historie, og for det andre skal danningstenking knytast nært til arbeid med, og refleksjon over og gjennom didaktiske praksisar.

Eit viktig mål med studiet er å utvikle ph.d.-studentane sitt didaktiske skjønn. Studiet går ut frå og tar fatt i utdanningshistorikk og fagleg-didaktiske register og vilkår for barn og unge i institusjonell pedagogisk praksis. Høgskulen på Vestlandet utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og ph.d.-studiet knyter saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studium av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet.

Studiet samlar ulike fagtradisjonar si forståing av og refleksjon over epistemologi, estetikk og etikk i barn og unges leik, læring og utforsking. I dette studiet studerer ein danning som noko som blir til og forstått gjennom ulike slag didaktiske praksisar og utfordrar den ofte framsette motsetninga mellom teori (danning) og praksis (profesjon).

Studiet utfordrar etablerte definisjonar av didaktikk som standardisert læringsteori, undervisningsteori og læreplanteori. Studiet skal utforske, prøve ut og fornye vitskaplege metodar og modellar og utvikle lærarar sin profesjonalitet i møte med barn og unge. Dette skal igjen styrke ei forskingsbasert profesjonsutøving.

Utdanninga

Studiet er bygd opp av to hovuddelar: opplæringsdelen på 30 studiepoeng og forskingsdelen på 150 studiepoeng.

Opplæringsdel

Opplæringsdelen av forskarutdanninga består av tre obligatoriske emne og minimum eitt valfritt emne og skal til saman utgjere 30 studiepoeng. Dei obligatoriske emna i ph.d.-studiet Studium av danning og didaktiske praksisar er PHD901 Danning og didaktiske praksisar, PHD902 Vitskapsteori, etikk og akademisk tekstarbeid og PHD903 Forskingsmetodologi og -design.

Forskingsdel

Arbeidet med avhandlinga utgjer den sentrale delen av studiet. Avhandlinga skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar med omsyn til etiske krav, fagleg nivå og metode innan fagområdet. Den skal bidra til å utvikle ny fagleg kunnskap og vere på eit nivå som tilseier at den vil kunne publiserast som ein del av faget sin vitskaplege litteratur.