Medieanalyse for 3.kvartal 2016

Totalt hadde HiB 318 treff i media i 3. kvartal. Dette er ei formidabel auke frå 184 i same periode i fjor. Ser vi på underlaget går fusjon att som eit gjennomgåande tema, men elles fordeler sakene seg på forskjellige tema og det er difor vanskeleg å peike på ei einskild årsak til auka åleine. Av konkrete saker fekk nyheita om at Arvid Hallén blei styreleiar og søkjarane til rektorstillinga brei omtale i fleire medier. 50 prosent av sakene har eit positivt forteikn for høgskulen, noko som vil seie at dei profilerer HiB si faglege verksemd og profil. 49 prosent kjem i kategorien nøytral og berre ein prosent stiller HiB i eit negativt lys. Den eine saka handlar om nedgangen av søkjarar til undervannsteknologi, den andre om at ein tidligare tilsett sakssøkjer HiB for aldersdiskriminering.

Ser vi på kjelder ligg På høyden på topp med 12 oppslag der HiB er omtala. Forsking.no har også hatt 6 saker om forsking frå HiB i denne perioden. To av disse er produsert av Seksjon for kommunikasjon, i tillegg til redaksjonell rådgjeving på ein kronikk. Vidare på lista kjem NRK, Sykepleien og BT.

I september hadde HiB 135 treff i media, mot 68 i same månad i fjor. Månadsanalysen følgjer kvartalsanalysen med omtrent lik fordeling på positive og negative oppslag, og eit mindretal negative. Til liks med kvartalsanalysen er det flest treff i webmedier, deretter trykte medier, medan ein litan andel kjem i etermedia.

Underlagsmateriale medieanalyse 3.kvartal 2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *