Medieanalyse for oktober 2016

HiB hadde 129 treff i media i oktober, mot 109 i same periode i fjor. Som tidlegare er dei fleste sakene nøytrale for HiB. Det vil seie at HiB er omtala, men at sakene verken profilerer fagmiljø og profil spesielt, eller gir eit etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Statsbudsjettet for HVL  er ei av desse sakene som fekk omtale i fleire medier.

35 prosent av sakene er positive for HiB og profilerer fagmiljø og profil, medan berre 1 prosent har negativt forteikn. Av positive saker kan vi  til dømes nemne oppslag i BT om sjukepleiarstudentante som hadde som prosjekt å informere om gratis HPV-vaksine for unge kvinner. Vi kan også nemne Sogn Avis sitt oppslag om forskingssamarbeid mellom idrettsmiljøa i Sogndal og Førde (saka kom opprinneleg frå Fusjonsinfo). I tillegg bidrar professor Frode Thuen jamnt og trutt med ekspertuttalingar i media. For meir informasjon om underlaget, sjå vedlagt excel-fil.

Dei fleste sakene er i webmedier (66 prosent), deretter følgjer papiraviser (33 prosent) og etermedier med 1 prosent. På høyden toppar lista over kjelder som har hatt flest artiklar om HiB i denne peridoen, deretter følgjer Studvest.

Sjå heile rapporten: analyse_oktober_2016

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *