Medieanalyse for janauar

Seksjon for kommunikasjon er glade for å presentere den første medieanalysen for Høgskulen på Vestlandet. Analysen for januar månad viser at Høgskulen på Vestlandet hadde 149 treff i media i denne perioden. Sidan dette er den første analysen for HVL, manglar vi samanlikningsgrunnlag, men på bakgrunn av tidlegare statistikk frå HiB det er grunn til å tru at talet skal vere noko høgare i tida framover.

Kjelder  i «Anna»-kategorien (vekeblad, fagpresse, kommunale nettsider o.l.) publiserte flest artiklar om Høgskulen på Vestlandet med en andel på 54 %. Deretter følgde lokale kjelder (25 %), og rikskjelder med 11 prosent.  Regionale kjelder sto for 10 prosent. 75 prosent av sakene med omtale av HVL blei utgitt på nett, medan 25 prosent vart publisert i papirkjelder.

Heile 56 % av sakene har positivt forteikn for HVL, noko som vil seie at dei profilerer HVL si faglege verksemd og profil. 44 prosent av sakene er nøytrale, det vil seie dei verken profilerer høgskulen sitt fagmiljø og profil, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen.  Det har ikkje blitt registrert negative medisaker om HVL denne månaden. Når vi ser nærare på underlaget gav spesielt den offisielle opninga mange positive medieoppslag. Elles har det vore brei spennvidde i tematikken.

Her kan du sjå gjennom heile analysen for Januar 2017.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *