Medieanalyse, februar 2017

HVL hadde totalt 217 medietreff i februar. 12 prosent av sakene har eit positivt forteikn for HVL, noko som vil seie at dei profilerer den faglege verksemda og profilen til HVL. Av positiv omtale kan vi til dømes nemne den nye mastergraden i maritime operasjonar (Haugsunds avis og TV Haugaland), og oppslag i Firda om idear frå Helse Førde og høgskulen skal kommersialiserast. Vi kan også nemne saka som blei seld inn til BT av Seksjon for kommunikasjon, Campus Bergen, om innvandrarar sitt syn på norske barnehagar. Førsteamanuensis ved HVL Alicja Sadownik har forska på temaet og blir intervjua i saka. Saka sto også på trykk i Stavanger Aftenblad og blei godt spreidd i sosiale medium.

Berre 3,4 prosent av sakene er negative for HVL sitt omdømme.  Dei negative oppslaga i denne perioden handlar om praksisen rundt studieturar. Det eine oppslaget kom i Studvest og handlar om ein student ved folkehelsestudiet ved Campus Bergen som måtte reise på studietur til fjells, trass i at ho hadde brot i ryggen og legen anbefalte at ho ikkje burde delta. To andre oppslag i Studvest handlar om praksisen rundt eigenandel på obligatoriske studieturar ved Avdeling for lærarutdanning ved Campus Bergen.

I tråd med tidlegare tendensar er mesterparten av oppslaga nøytrale (83.9 prosent). I dei nøytrale sakene kan HVL vere nemnt i ulike samanhengar og oppslaga er av ein slik art at dei verken er eintydig profilerande eller negative for HVL.

Når det gjeld kjelder er dei fleste sakene på nett (70,5%). Print utgjer vel 26 %, radio 2,8% og TV 1,4%.  «På høyden» dominerer med flest artiklar om HVL (14 saker), deretter følgjer Sogn avis, Studvest og Khrono (12). Ser vi på opplagstal, er det likevel sakene i Aftenposten/A-magasinet og  NRK som gir størst rekkevidde. HVL har mest omtale i aviser (dette inkluderer også aviser på nett). Desse oppslaga utgjer 47 prosent. Søylediagrammet under viser korleis omtalen fordeler seg.

Søylediagrammet under viser korleis omtalen fordeler seg utifrå kor dei ulike media høyrer heime geografisk. Riksmedia ligg øvst, og deretter følgjer naturleg nok vestlandsfylka.

Kakediagrammet under viser korleis omtalen fordeler seg uavhengig av kor kjeldene høyrer heime reint geografisk.  Dette seier noko om storleiken på kjeldene. Kategorien «annen dekning» utgjer nær 43 prosent og betyr i denne samanheng  type fagpresse/magasin/nettstader osv. som ikkje fell naturleg under kategoriane lokal/regional/riks. Vel 35,5 prosent er i lokale medium , 15,7 prosent i riksmedium og 6 prosent i kategorien regionale medium.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *