Medieanalyse for mars

HVL hadde vel 270 treff i media i mars, mot 217 i februar. Dei aller fleste sakene er nøytrale for høgskulen (62 prosent). Saker som hamnar i kategorien «nøytral», vil seie oppslag der høgskulen er omtalt, men som verken etterlet eit negativt inntrykk eller profilerer høgskulen spesielt.

Vel 36 prosent  av sakene har eit positivt forteikn for HVL.  Dette er ei sterk auke samlikna med februar då positive saker utgjorde 12 prosent. Fleire av sakene handlar om prisar eller nominering til prisar, til dømes lokal målpris til HVL, undervisingpris, pris til studentar for beste bacheloroppgåve og så vidare.  Vi kan også nemne kronikkar av Åse Høyvoll Kallestad, Annette K. Vinje, Frode Thuen si spalte i Aftenposten, og intervju med Anne Britt Vika Nilsen i ABC Nyheter – saker som bidrar til å profilere fagmiljøet ved HVL.

Høgskulen har hatt lite negativ omtale i mars (vel 1 prosent, mot 3,4 prosent i februar). Eitt av dei kom i Studvest og handlar om at HVL ikkje har gitt tilgang til offentlege dokument på sine nettsider etter fusjonen. Dei to andre handlar om omkamp på fakultetsinndeling og ulovlege eigenandelar for obligatoriske aktivitetar.

Diagrammet under viser korleis omtalen fordeler seg utifrå kor dei ulike media høyrer heime geografisk. Som tidlegare ligg riksmedia øvst, deretter følgjer vestlandsfylka.

Diagrammet under viser korleis omtalen fordeler seg uavhengig av kor kjeldene høyrer heime reint geografisk.  Dette seier noko om storleiken på kjeldene. Kategorien «annen dekning» utgjer over 35 prosent og betyr i denne samanheng type fagpresse/magasin/nettstader og så vidare som ikkje fell naturleg under kategoriane lokal/regional/riks. Lokale medium utgjer nær 34 prosent, riksmedium nær 20 prosent og regionale medium vel 10 prosent.

Som vanleg er dei fleste sakene på web (62 prosent). Print utgjer 31 prosent, og resten er radio. Kakediagrammet under illustrerer fordelinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *