Medieanalyse for april

Høgskulen på Vestlandet hadde totalt 183 treff i media i april. I tråd med tidlegare tendensar det flest nøytrale oppslag (63,7 prosent).  Saker som hamnar i kategorien «nøytral» vil seie oppslag der høgskulen er omtalt, men som verken etterlet eit negativt inntrykk eller profilerer høgskulen spesielt.

37,7 prosent av sakene er positive for høgskulen. Det vil seie at dei profilerer den faglege verksemda og profilen til HVL.  Søkjartala for neste studieår ga fleire positive oppslag for HVL.  Når det gjeld forskingstoff kan vi mellom anna nemne intervju med diabetesforskar Anne Haugstvedt på forskning.no (produsert av Seksjon for kommunikasjon), og intervju i Dagens Medisin med Lars Bo Andersen om effekten av å gå eller sykle til jobben. Vi kan i tillegg nemne ein kronikk i BT av Elin Eriksen Ødegaard om den nye rammeplanen for barnehagar, sjukepleiarstudentar som rekrutterer nye blodgjevarar og så vidare

3,5 prosent av sakene er negative for HVL. To av oppslaga handlar om sviktande søkjartal til undervassteknologistudiet i Florø (Firdaposten og Firda). Eit anna oppslag handlar om at Nokut rettar kritikk mot  bachelorutdanningane i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie ved HVL (Studvest). Det siste handlar om manglande oppfylling av mållova i universitets- og høgskulesektoren, der også dei tre tidlegare høgskulane som har blitt HVL er nemnde (På høyden og Khrono).

Søylegrammet under fortel noko om storleiken på kjeldene der HVL er omtalt. Dette viser at vi har hatt mest omtale i lokale medium i april.  Vel 42 prosent av omtalen har vore i her.  34,4 prosent av omtalen kjem i kategorien «annen dekning» , det vil seie fagpresse/magasin/nettstader og liknande som ikkje fell naturleg under kategoriane lokal/regional/riks. 12 prosent er i regionale medium og 11,5 i riksmedium.

Dei fleste sakene er på web (67,8 prosent). Print utgjer 29, 5 prosent, og resten er radio.  Når det gjeld enkeltmedium har Bergens Tidende flest saker der HVL er omtalt, deretter følgjer Haugesunds Avis, Khrono og På høyden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *