Om prosjektet

Prosjektet Mestring mot master er del av eit større prosjekt STIL – Studieintensive arbeidsformer i lærarutdanninga – leia av ProTed. Sjå prosjektutlysinga her. 

Mestring mot master rettar seg mot å bygge gode læringsarenaer for meistring utanom den den lærarstyrte undervisninga, men i tett fagleg relasjon til den. Gjennom studentstyrte seminar der førsteårsstudentar arbeider saman med masterstudentar ønskjer vi å stimulere førsteårsstudenten si deltaking i faglege diskusjonar, evne til kritiske tenkning og argumentasjon. Meir overordna handlar dette om demokratisk danning og medborgarskap. Masterstudenten skal styrke sin kompetanse i å leggje til rette for og leie læringssituasjonar der kritisk tenkning og demokratisk danning står sentralt. Læringsaktivitetane i seminara involverer også nye digitale arbeidsformer. Gjennom digitale video-essays vil faglærarar initiere læringsaktivitetar i seminara og studentane skal også lage video-essays som svar på oppgåver.

Prosjektet har stor overføringsverdi til andre læringsarenaer. Dei teknologiske løysingane er enkle, men gir rom for kreativitet, og kan tilpassast ulike målgrupper. Demokratisk danning og digital kompetanse står sentralt i alle fag i lærarutdanninga og er også heilt essensiell i den framtidige profesjonsutøvinga til studentane. Den overordna målsetjinga er at desse seminara skal skape læringsarenaer der studentane får opplever meistring og fagleg engasjement og at dette i tur vil fremje studentane sin motivasjon til å lære, stimulere til auka arbeidsinnsats og høgare læringsutbyte.