Odda Sjukehus, Helse Fonna

Odda sjukehus

SJUKEHUSET:

Odda Sjukehus er lokalsjukehus for Indre Hardanger og deler av Kvinnherad med omlag 14.000 innbyggarar. Sjukehuset har forutan radiologisk eining, ein døgnpost for kirurgiske og medisinske pasientar. I tillegg er det fødestove med barseltilbod, DPS, intensiv- og operasjonseining. Det er og polikliniske tilbod innanfor auge, ØNH, gynekologi, barnelege, lungelege, nevrologi, urologi og psykiatri, nokre dagar i månaden. Sjukehuset har og eit lærings- og meistringssenter for diabetes, kols og andre kroniske sjukdomar. Det arbeider ca 120 personar på sjukehuset, noko som gjer det til ein av dei største arbeidsplassane i Odda. Det er om lag 25 pasientsenger ved Odda sjukehus.

KANTINE

Sjukehuset har ei lita kantine (10-1230) i kjellaren, og ein liten kiosk (10-17?). Kantina er modernisert og har eit godt utval av mat. Til vanleg vert det tilbudd ein varmrett pr. dag. Det er og ein smørbrødautomat i vestibylen.

GARDEROBE / KLEDE / HYBEL

Sjukehuset vil ordne med garderobe og arbeidsklede til deg. Sjukehuset har og møbelerte personal- og elevhyblar til leige. Sjukehuset skaffar deg hybel. Det kan være lurt å ta kontakt med oss nokre veker før du kjem for å sikre deg at alt er ordna!  Nokre hyblar er attmed sjukehuset, andre ca. 1 km unna. Nøkkel til hybelen vert lagt fram i ekspedisjonen helga før du kjem til Odda. Dersom ekspedisjonen er stengd (kl 20.00), hentar du nøkkel på intensivavdelingen i 2. høgd.

ODDA BY:

Odda er einaste byen i Hardanger. Her bur det i overkant av 7000 innbyggarar. På fjellet er det 3000 hytter, så folketalet auker kraftig i ferier og helger. Odda er nok mest kjend for tungindustrien, men har og mange store naturopplevingar å by på. Mellom anna Trolltunga, Folgefonna, Buerbreen, Norsk Vannkraft- og industristadmuseum, Røldal Alpinsenter, Folgefonna sommerskisenter etc.

Odda sentrum har fleire bankar, post, butikkar som RIMI, COOP, REMA, SPAR, vinmonopol, pubar, hotell, eit steakhouse, Thairestaurant, Pizza Planeten Narvesen, kebab og ein grill. Alle ligg ein kort kilometer unna sjukehuset. På Eide er det ein storkiosk med mellom anna pizzautsalg. Post i butikk hjå Coop og Rimi.

Det er gode kommunikasjonar både aust- og vestover. Bussamband til Bergen 6 gonger pr. dag i vekene og 4-5 i helgane. Det same til Oslo.
Bussruter finn du på: www.ruteopplysingen.no og www.skyss.no

Lenker:

Opplev Odda

Hardanger Folkeblad

Norsk Vasskraft og industrimuseum