Studentombodet er på veven!

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er frå 1. mai til stades på den store vide veven – i mang ein form.

Du kan nå følgje studentombodet på både Facebook, Twitter og Instagram; i tillegg til på denne bloggen. Høgskulen har også laga ei lita informasjonsside på hvl.no/studentombodet, og det kjem noko tilsvarande for dei tilsette på internveven.

Om du skulle ha behov for å kontakte studentombodet kan du no nå studentombodet på både e-post, Messenger og telefon. Dersom det blir for avansert er det fortsatt mogleg å sende god gamaldags brevpost til:

Høgskulen på Vestlandet
v/ Studentombodet
Postboks 7030
5020 Bergen