Kurs i studentrettar

I byrjinga av september blir det kurs for studenttillitsvalde (og andre interesserte) i studentrettar.

Det blir ei innføring i dei viktigste grunnleggande rettane studentane har. I hovudsak rettar knytt til undervisning, eksamen, sensur og klage. Det blir og litt informasjon om rettar i høve utvisningssak.

Etter kurset skal deltakarane vite kvar ein finn fram til dei viktigste rettane, hogse dei aller viktigste, og vite kvar ein kan søke hjelp og råd om ein er usikker eller treng meir hjelp.

Kurset varar i to timar og er oppe for alle.

Kurskalender

Campus Stad Dato Tid Event
Sogndal Høgskulebygget: Josten i 1. etg. 4. september 16.00 til 18.00 Eventside
Førde Høgskulen: Fanaråken 5. september 16.00 til 18.00 Eventside
Bergen Kronstad: Auditorium 1 6. september 16.00 til 18.00 Eventside
Haugesund Hovudbygget: Auditorium C 7. september 16.00 til 18.00 Eventside
Stord Undervisningsbygget: UND160 11. september 16.00 til 18.00 Eventside

Påmelding er ikkje naudsynt. Men det er fint om dei som er interessert trykker «kjem» på eventen. Vel møtt!