Kurs i studentrettar

I byrjinga av september blir det kurs for studenttillitsvalde (og andre interesserte) i studentrettar.

Det blir ei innføring i dei viktigste grunnleggande rettane studentane har. I hovudsak rettar knytt til undervisning, eksamen, sensur og klage. Det blir og litt informasjon om rettar i høve utvisningssak.

Etter kurset skal deltakarane vite kvar ein finn fram til dei viktigste rettane, hogse dei aller viktigste, og vite kvar ein kan søke hjelp og råd om ein er usikker eller treng meir hjelp.

Kurset varar i to timar og er oppe for alle.

Kurskalender

Campus Stad Dato Tid Event
Sogndal Høgskulebygget: Josten i 1. etg. 4. september 16.00 til 18.00 Eventside
Førde Høgskulen: Fanaråken 5. september 16.00 til 18.00 Eventside
Bergen Kronstad: Auditorium 1 6. september 16.00 til 18.00 Eventside
Haugesund Hovudbygget: Auditorium C 7. september 16.00 til 18.00 Eventside
Stord Undervisningsbygget: UND160 11. september 16.00 til 18.00 Eventside

Påmelding er ikkje naudsynt. Men det er fint om dei som er interessert trykker «kjem» på eventen. Vel møtt!

Trefftider med studentombodet våren 2017


 
Våren 2017 kan du spørje studentombodet om ting du lurer på i kantina på din studiestad. Eller, om saka di er slik at du ikkje vil snakke om ho i kantina, i dropp-inn timar på kvar studiestad.

Sjå meir om kva typer trefftid studentombodet har, nedst på sida.

Førde | Haugesund | Kronstad | Møllendalsveien | Sogndal | Stord

Førde

Spørsmål i kantina
Torsdag 8. juni
Klokka 10.00 til 14.00
Kantina

Dropp-inn
Torsdag 15. juni
klokka 10.00 til 12.00
Anga

Haugesund

Spørsmål i kantina
Fredag 9. juni
Klokka 10.00 til 14.00
Kantina

Dropp-inn
Onsdag 21. juni
Klokka 9.00 til 15.00
1090

Kronstad

Spørsmål i kantina
Tysdag 13. juni
Klokka 10.00 til 12.00
Kantina

Dropp-inn
Fredag 16. juni
Klokka 9.00 til 15.00
H207

Møllendalsveien

Spørsmål i kantina
Fredag 2. juni
Klokka 11.00 til 13.00
Kantina

Dropp-inn
Tysdag 6. juni
Klokka 12.00 til 15.00
M6-545

Sogndal

Høgskulebygget i SogndalSpørsmål i kantina
Onsdag 7. juni
Klokka 10.00 til 14.00
Kantina

Dropp-inn
Måndag 12. juni
Klokka 9.00 til 15.00
Karrieresenteret

Stord

Spørsmål i kantina
Torsdag 22. juni
Klokka 10.00 til 14.00
Kantina

Dropp-inn
Fredag 23. juni
Klokka 9.00 til 15.00
UND111

Typar trefftider

Spørsmål i kantina er for deg som berre vil ha svar på eit enkelt spørsmål, der det ikkje er så nøye med teieplikt. Når studentombodet er tilgjengelig i di kantine finn du i oversikta for kvart semester (sjå lenke litt lenger nede på sida).

Dropp-inn er for deg som har saker du vil diskutere utan at andre høyrer på. Du treng ikkje tinga time på førehand for dropp-inn-timar. Når studentombodet har dropp-inn-timar på din studiestad finn du i oversikta for kvart semester (sjå lenke litt lenger nede på sida).

Timeavtale er for alle typar saker gjennom semesteret. Du kan ta kontakt med studentombodet når som helst i løpet av semesteret, uansett kva saka di gjeld. Om du ynskjer det får du tilbod om time med studentombodet, på din studiestad.

Studentombodet er alltid tilgjengelig på e-posten studentombodet@hvl.no og Messenger @studentombodet. Det er berre å ta kontakt der om det er noko du lurer på, eller om du ynskjer å avtale møte utanom tidene under.

Studentombodet er på veven!

Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet er frå 1. mai til stades på den store vide veven – i mang ein form.

Du kan nå følgje studentombodet på både Facebook, Twitter og Instagram; i tillegg til på denne bloggen. Høgskulen har også laga ei lita informasjonsside på hvl.no/studentombodet, og det kjem noko tilsvarande for dei tilsette på internveven.

Om du skulle ha behov for å kontakte studentombodet kan du no nå studentombodet på både e-post, Messenger og telefon. Dersom det blir for avansert er det fortsatt mogleg å sende god gamaldags brevpost til:

Høgskulen på Vestlandet
v/ Studentombodet
Postboks 7030
5020 Bergen