Arbeidskrav

Ved HVL er arbeidskrav ein viktig del av undervisninga. Under går Studentombodet gjennom rammene for arbeidskrav ved høgskulen.

Definisjon av arbeidskrav

Eit arbeidskrav er definert som all form for prøving som er sett som vilkår for

  • å ha rett til å gå opp til eksamen,
  • å gå ut i praksisstudium,
  • å fortsette normal studieprogresjon,

utan at resultatet av prøvinga inngår i den endelege karakteren.

Eksempel på arbeidskrav

Høgskulen har i studieforskrifta sett som eksempel på arbeidskrav:

  • innleveringsarbeid,
  • prøve,
  • laboratorieøving,
  • prosjektarbeid,
  • obligatorisk undervisning,
  • andre fagleg eller pedagogisk grunngjeve krav i eit emne.

Eksempellista er ikkje uttømmande, og det kan vere andre arbeidskrav enn dei over.

Rammer for arbeidskrav

Arbeidskrava i eit emne skal gå frem av studie- eller emneplana. At det skal “gå fram” inneber at det skal stå kva arbeidskrava går ut på og gis ei tyding på kva omfang det er. For eksempel at det er to innleveringar på 3.000 ord, at det er ei laboratorieøving med rapport, eller at det er obligatorisk oppmøte på undervisninga.

Om det er angitt obligatorisk undervisning utan andre førehald betyr det at ein må vere til stades på minst 80 % av undervisninga. Det er då heller ikkje mogleg å ha gyldig fråvær ut over dei 20 % som det er opna for. Om ein har fråvær ut over det må ein søkje om tilrettelegging, og i mange tilfelle må ein ta emnet på nytt.

Dersom det er praktisk mogleg og faglig forsvarleg kan studenten gjennomføre alternative arbeidskrav om ho har vore sjuk, har nedsett røynsleevne, har dokumentert særlege høve eller har hatt verv i studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet.

Frist

Det skal fastsetjast ein frist for når arbeidskravet må vera gjennomført. Ved HVL er det faglærar som sett fristen. Fristen skal vere sånn att studenten har moglegheit til eit nytt forsøk, så langt det let seg gjera. Det er faglærar som har ansvaret for at fristen blir formidla til studentane.

Vurdering av arbeidskravet

Det er faglærar som godkjenner arbeidskrav. I utgangspunktet skal det vere klart kven som har bestått arbeidskrav innan to veker før eksamen. Det kan vere lokale avvik frå det kravet, men berre dersom faglærar har avtala det med den eksamensansvarlege.

Nytt forsøk

Så langt det let seg gjere skal studenten kunne levere eller gjere om at arbeidskravet éin gong dersom ho ikkje får bestått. Nokre arbeidskrav, som frammøte i undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar, praksis og liknande som ikkje er lette å gjerast om att er ikkje omfatta av kravet om nytt forsøk. Om det er arbeidskrav som ikkje kan gjerast om att i eit emne skal studentane få beskjed om det.

Når studieforskrifta nyttar “nytt forsøk” er det føresett at studenten har forsøkt før. Om arbeidskravet er ei oppgåve vil det ikkje reknast som eit forsøk om studenten leverer blankt eller leverer noko anna (som til dømes ei kakeoppskrift eller liknande).

Kjelder og merkandar

Om karakteren i eit fag er bestått / ikkje bestått så er alle krav i faget som vurderas på same måte eksamensdelar, ikkje arbeidskrav.

Du finn skildringa av kva som reknas som arbeidskrav ved HVL i studieforskrifta § 7-2.