Litt meir om praktiske ting ved SDSU

Har du drømt om å surfe og få studiepoeng for det? Eller kanskje å heller lære deg nye idrettsgreiner du ikkje har prøvd før? Vil du utfordre deg med fag, du ikkje kan ha i heimelandet ditt? Då er du på rett sted når du velger SDSU.

Timeplanene våre står no bombefast og vi er ganske fornøyde. Eigentleg veldig fornøyde. Å bytte til gymsaler og ute-klasserom frå vanleg forelesningssaler, er veldig kjekt. Men å komme seg dit er både krevande, spennande og irriterande. Påmeldingssystemet til SDSU er heilt nytt og det finst berre ei ansvarleg person som kan hjelpe og bekrefte ting når noko går skeivt. Kva var problemet?

Systemet som SDSU brukar for å melde seg på/ av fag, har fortsatt nokre bugs. For eksempel har du ikkje lov til å droppe ut/ velge fag så mykje du vil. Det er ein viss grense med antal drop. Dersom du går over den, må du alltid til den eine ansvarlege personen for å få det fiksa. Ho dama er mindre hyggeleg og meiner ikkje at systemet har ein feil, men at det er studenten sin feil at vi byttar fag heile tida.

Som minne: Vi vil ha 15 credits som tilsvarer 30 studiepoeng. For å kunne oppnå det, må ein enten velge få teoretiske fag eller veldig mange praktiske. Vi vil studere idrett, så vi vil gjerne ha så mange praktiske som mogleg. Sabrina og Kay kom inn på to teoretiske fag og trenger derfor «berre» 9 praktiske. Mens Ole Vinjar skal ha 12 praktiske fag. Kanskje ser dokke allereie at timeplanbygginga ikkje er heilt så enkelt når ein må halde styr på kva fag ein faktisk vil ha. I tillegg står ein jo på ventelista på nokre fag og timeplanen må alltid tilpassast til det ein vil ha. Så klart droppar ein ut av eit kanskje kjedeleg fag for å få eit fag ein faktisk vil ha.

Men ikkje nok med det. Når ein har ein viss antal ENS138 fag (praktiske idrettsfag med samme fagkode), begynner systemet til å tenke at det er akkurat det samme faget og droppar deg automatisk ut av liknande. Så, dersom eg hadde nesten alt klar med timeplanen min, kan det vere at systemet kikker deg ut, sjølvom ingenting er dobbelbooka eller kræsja tidsmæssig. Kva ein må gjere for å få ordne opp i det? Gå til ALI sine kontorer og få hjelp. Ikkje alle ansatte var like glade i til å hjelpe oss, men det kan rett og slette vere pga at dei aldri har blitt konfrontert med dette problemet før. Ein ting er iallfall kjekt å kunne støtte seg på: Hjelp får du alltid.

Vi fekk også beskjed til å betale avgifta så tidleg som mogleg, at det ikkje er mogleg lenger å droppe ut. Det blir då enda herlegare når ein faktisk droppar likevel ut av fag som ein har allereie betalt for.

Når alt endeleg var på plass, og oversikta i systemet var den samme som vi ville ha, kunne vi endeleg puste ut. Dette var ikkje lett, men absolutt verdt det! Fordi no har vi ein timeplan som er kjempekosleg, veldig inspirerande, innhaldsrik og utfordrande.

Sabrina sine fag: bowling, surfing, rowing, self-defense for women, taekwondo, fitness training for women, volleyball beginner, stand up paddling, swing, applied kinesiology og introduction in exercise and nutritional science

For å få ein forestilling korleis ein timeplan kan sjå ut, har vi laget timeplanen til Sabrina her:

Tid Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
08- 08.50  

 

Intro in exerc-nutri-science  

 

 

 

 

 

09- 09.50 Swing Fitnesstraining for women Swing Fitnesstraining for women  
10- 10.50 Bowling Applied Kinesiology   Applied Kinesiology Rowing
11- 11.40 Bowling       Rowing
12- 12.50 Volleyball   Volleyball    
13- 13.50   Selfdefense   Selfdefense  
15- 16.40   Stand Up Paddling   Surfing  
18- 19.40     TaeKwonDo    

 

Viss dokke vil vite meir om visse fag, kan dokke gjerne spørre i kommentarfeltet.

Ole-Vinjar sine fag: Fotball advanced, bowling, surfing, wakeboarding, hobie cat sailing, kayak, pilates&yoga, Volleyball beginner og intermediate, functional fitness training, taekwondo, rock climbing beginner og applied kinesiology (einaste teorifag)

Kay sine fag: bowling, rock climbing beginner, hip hop beginner, taekwondo, self-defense for women, volleyball intermediate, swimming advanced, stand up paddling, surfing, applied kinesiology og introduction to exercise and nutritional science

Nokre fag som Rivercanoing, Outdoor og Hiking, og Martial Arts fag, som Judo, Taekwondo osv blir avholdt om kvelden. Andre fag kan også bli tatt om helgene viss ein ønsker seg det.

Som dokke kan sjå, så har ein nokre ettermiddager ledig, der ein kan stappe dei full med lesing til fag, øving av det ein har lært eller kombinere fritidsaktiviteter som soling med læring av ferdigheter, for eksempel surfing.

Etter to veker med full program, er vi fornøyde med valga vi har tatt. Nokre fag er såklart morosammere enn andre, men slik er det overalt. Her er det iallfall litt meir tilpassa etter dei ønskjar ein har frå før av.

No kjem ein liten anbefaling frå oss til studenter som kanskje vil studere idrett her på SDSU: ikkje velg intro-fag. Introduction in exercise and nutritional science er ingenting anna enn eit semesterlang framføring av kva fag universitetet har å tilby. Dvs faget er delt i tre emner over eit heilt semester og i kvart emne er det ein eksamen. Den første delen handlar om dei sjølve programfag, som applied kinesiologi, biologi, kjemi, anatomi,… Der ein blir spurt i eksamen nr 1 kva visse fag handlar om. Eksempel av eit spørsmål på eksamen: Snakkar ein i anatomi om mat eller om muskler og bein? (Den som ser her ein lett fortjent A, dessverre er ikkje det heilt så lett som eksemplet viser)

Dei fleste eksamener er multiple choice, som kan gjere det både lettare og vanskelegare nokre gongar. Del to handlar om research som universitetet tilbyr, og del tre korleis det kan bli brukt/ anvendt i praksisen.

For oss utvekslingsstudenter er dette faget (sorry for direktheita) ubrukeleg. Dessverre var det eit krav å ha dette faget for å kunne begynne hos applied kinesiology (AK), som er eit bra fag som går både innanfor anatomi, bevegelseslære og fysiologi. Vi fekk seinare vite frå AK- læraren at vi ikkje måtte ha det alikevel. Så gjerne sjekk først med forelesarane om dei virkeleg må ha visse fag for å vere med!

Som dokke også kan sjå på timeplanen, så er det ikkje mange minutt ein har tid for å komme seg til visse plasser. 10min pause er greit når ein skal vere i samme byggninga, men det ser vanskelegare ut når ein skal på andre sida av campusen for å ha undervisning der. Nokre trenarar har forståing for det, dersom ein forklarer situasjonen. Det er veldig viktig å seie ifrå til trenaren. Nesten kvar lærar sa i starten av kurset sitt at dersom vi snakker med han/henne, kan ein alltid finne ei løysing til problemer. Andre trenarar straffer den som kjem for seint eller denfår ikkje ok for oppmøte.

Dei fleste trenarar er veldig positive og engasjerte og prøver å legge opp til ein bra time. Nokre andre kjem med den innstillinga: Det er berre ein 1Credit-fag og oppmøte gir karakter, ingenting anna – då trenger ikkje eg heller å gi alt.

Det som vi fann ut av er, at det er viktig å sette opp timeplanen sin etter belastning. Ein klarer ikkje å holde ut 5t med krafttrening etter kvarandre. Så ein liten tips: pass på at kroppen klarer belastningen over heile veken, ellers kan det bli lite kjekt.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *