Dubliners

Bedre seint enn aldri (tekniske problem)

Hei, og hjartleg velkommen til Kim og Mari sin Dublin blogg. Her kan du lese om korleis livet er som Erasmus-student i fagre Irland.

Klokka er 04:00 ein onsdags morgon, alarmen ringer, Kim har sove i ca. 45 minutt ettersom han generelt sett er ein strukturert herremann. Herfra går turen i pirat-taxi (takk Mali) til Bergen lufthavn Gardermoen heheh, neida Flesland seff, men eg skulle ta fly til nettopp Gardermoen for å møte min reisekompanjong Mari ”marfle” Flem. Vi møttes på gardermoen over kaffi og ein bolle før flyet gikk frå Noreg til Dublin.

Det er tåke på gardermoen denne dagen, dermed er avgangen noko forsinka, i tillegg har ein flokk irriterande fuglar forvilla seg inn på rullebana, dei vert jaga av ein kar i refleksvest og hagle (forhåpentligvis med lauskrutt seier Mari).

Omsider framme i Dublin får vi lempa baggasjen vår inn i eit midlertidig lokale, vi får ikkje flytte inn på romma våre før Laurdag. Dermed set vi oss på første tog mot Belfast og bookar oss inn på eit ungdomsherberge (skriv hostel kim, herregud – Mari).

Første måltid i Dublin før avreise til Belfast
Første måltid i Dublin før avreise til Belfast

På hostelet blir vi godt tatt imot av ein gjeng frie sjeler frå alle verdas hjørner, her blir vi buande på 8-mannsrom dei neste 3 dagane. Titanic Museum, Black Taxi Tour, Ulster Museum og ein meget velduftande botanisk hage er nokre av opplevingane våre her. Black taxi tour er ei historisk guiding gjennom Belfast som omhandlar den tragiske feiden mellom IRA og England (The Troubles). Fredag er siste kveld i Belfast, tilfeldigvis innehar denne fredagen kanskje årets happening, nemlig Culture Night. Culture night betyr: gratis konsertar på alle gatehjørner, eit yrande folkeliv, kunstutstillingar og diverse kulinariske opplevingar. Det er forresten tillat å nyte alkoholiserte drikkevarer i gatene denne dagen, noko Kim og Mari sjølvsagt ikkje ville være med på. Med skitne kle i sekken og ein over middels bakrus set vi oss på ein svett buss frå Belfast tilbake til Dublin, det skal også seiast at vi no er nokre opplevingar og facebook-vener rikare.

Eit av dei mange kjente veggmaleria til minne om "The Troubles"
Eit av dei mange kjente veggmaleria til minne om «The Troubles»
Minnesmerke til ære for Bobby Sands, det første IRA-medlemmet som døde under sultestreik i Maze fengsel
Minnesmerke til ære for Bobby Sands, det første IRA-medlemmet som døde under sultestreik i Maze fengsel

Vel framme i Dublin brukar vi nokre timar på å hente baggasje, finne nøklar og innstallere oss i den nye hybelen. Litt tid går også til å låse oss ute frå romma våre, kun for å havne på godfot med sikkerheitsvaktene på campus sjølvsagt.

Veka som følgjer vert kalla ”Freshers Week”, dette kan samanlignast med fadderveka heime i Noreg. Forskjellen er at ein ikkje vert delt inn i faddergrupper etter klasser, ein må melde seg inn i ”societies” (red.anm. heretter: klubbar). Dei ulike klubbane har sosiale samankomster, turar og klubblokaler ein kan nytte seg av både under Freshers Week og seinare. Kim meldte seg inn i squashklubben, volleyballklubben, internasjonalklubben, historieklubben, filosofiklubben, europaklubben og fjellturklubben. Om han gjorde dette fordi han er genuint interessert i alt dette, eller om han berre er over snittet glad i øl og nye bekjentskap får tida vise. Mari meldte seg inn i sjakk-klubben, matteklubben, IT-klubben, strikkeklubben og Irlands svar på kvinnegruppa OTTAR. Ho gjorde det fordi ho er genuint interessert i alt dette (pun intended).

Yrande folkeliv på campus under Freshers Week!
Yrande folkeliv på campus under Freshers Week!

Det vart nokre dagar på ”druen” under freshers week og vi vart kjent med ein del kjekke medstudentar. Utanom festlegheitene var det også ein del informasjonsmøter, orientering og omvisning rundt på campus.

"På druen i Dublin"
«På druen i Dublin»

Trinity College Dublin er eit av dei eldste universiteta i verda, grunnlagt i 1592. Dette bær arkitekturen på campus preg av, det heile minnar igrunn om ”Galtvort” frå sagaen om Harry Potter. Campusområdet fungerer derfor både som museum, turistattraksjon og undervisningsareal. Vi tykjer vi er heldige som får bu sentralt på campus i disse omgivelsane.

Campus på Trinity ser slik ut, Harry Potter (Kim) og Hermine (Mari) vert buande i bygget i midten.
Campus på Trinity ser slik ut, Harry Potter (Kim) og Hermine (Mari) vert buande i bygget i midten.

Undervisninga foregår forøvrig på St. James’s Hospital. Ein liten spasertur og trikk i ca. 15 minutt er alt som skal til for å komme seg til sjukehuset frå campus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *