Reising i USA

Kjære lesarar,

Det har skjedd så mykje i det siste at vi ikkje veit kor vi skal starte. Vi har sett og opplevd utruleg kule ting og lært masse kjekt.

Skulen er fortsatt veldig gøy og det er super greit å kunne kombinere trening med skule, der skulearbeidet holder seg i grensen, men utbytte av dei faga er stor.

Men dette innlegget skal gjelde meir dei tinga som skjer utanfor skulen. Det er masse ein kan finne på i Amerika og ein av dei mest kjekke er reising.

Reising i Amerika er ganske rimeleg, men det tar tid. Det er store distanser mellom byer/ steder ein gjerne vil sjå og derfor trenger ein litt tid for å gjere det. Men det er utan tvil verdt å dra på biltur i timesvis for å sjå den fantastiske naturen, eller dei svære byane her ved vestkysten.

Vi har nettopp komt tilbake frå turen som vi tok over «Thanksgiving- ferie» og er fortsatt så takknemleg for at vi fekk denne sjansen for å oppleve dette her:

I løpet av 8 dager dro vi frå San Diego til steder som Sequoia Park (General Sherman Tree er der, som er verdenst største tre i volumet), San Francisco (Alcatraz er verdt pengene), Yosemite (den som saknar Noreg, kan finne nesten liknande natur der), Death Valley (nest varmaste stedet på jord, ørkelandskap er fantastisk å sjå på), Las Vegas (må ikkje seie meir her), Grand Canyon (North og South Rim), Horseshoe Bend og tilbake. Vi anbefaler dersom dokke har ferie før eller etter semesteret til å bruke den tiden på dei stedene. Det er mogleg å sjå alle ting i løpet av dei 8 dager, men det er nok enda koslegare, når ein ikkje må sitte meir enn 6t på strek i bilen fordi ein må vidare for å rekke alt. Husk at alle årstider har sine fordeler og ulemper. Om vinteren kan ein ikkje kjøre overalt ein vil, så ver obs på det når du planlegger ein tur.

Andre destinasjoner som Six Flags (både Hurrican Harbor og Magic Mountain), Universals i LA, sjølve LA med tusen forskjellege moglegheiter som konserter, idrettsarrangementer (som NBA eller NHL), osv kan anbefalast på det sterkaste!

San Diego har også ein del å by på, som for eksempel dei fantastiske (surfe- og bade)strendene, utestedene, Sea World, USS Midway, Torrey Pines, La Jolla Cove, ovs. Som student hos SDSU får ein også gratis billetter til idrettsarrangementer som american football, basketball og volleyball – for å nevne dei største.

Mexico er ein annen destinasjon mange studenter vil reise til. Vi fekk på det sterkaste anbefalt å ikkje gjere det og etter fleire diskusjoner bestemte vi oss for å ikkje gjere det og kan derfor ikkje seie noko meir om det.

SDSU studenter kan også melde seg på forskjellege friluftsturer som klatring, outdoorcamping og kanoing, som blir tilbudt av Aztec Adventures. Det skal altså ikkje bli kjedeleg å reise hit.

Er du meir interessert i fleire lagsport eller andre klubber, så er moglegheitene uendelege ved eit amerikansk universitet.

Dersom lommeboka di er enda større enn vår, kan du sikkert finne på enda fleire ting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *