Skule, venar og klippevandring

Som nemnt i førre innlegg har vi all undervisning på St James’s Hospital, mesteparten av timane vert haldne på eit benkerom. Der set vi med flektert haldningsmønster over benken eller med notisboka i fanget og lengtar tilbake til HiB sine nymoderne fasilitetar. Til tross for at undervisningslokala er noko gamaldagse for eit par bortskjemte nordmenn vert vi tatt godt imot av både medstudentar og lærarar. Klassa vår består av 32 elevar, noko som er under halvparten av det vi har i Bergen, dermed er det ein samansveisa gjeng som er lett å gli inn i (visst det er lov å seie). Lærarane våre er meget dyktige og undervisningsopplegget er godt, sjølv om engelsk med irsk aksent til tider kan gå litt for raskt for to trøtte sunnmørstryner.

Hovudinngangen til St. James’s hospital. Her trer vi inn kvar morgon svoltne på ny kunnskap

Etter endt skuledag spaserar vi gjennom Dublins travle gater tilbake til Trinity campus, denne skulevegen er ikkje som alle andre. I løpet av 30 minutt får ein sjå både Guinness-fabrikken, utallige katolske katedralar, irske pubar og store saueflokkar med turistar. Vel heime går vi som regel rett inn på kjøkkenet for å lage taco eller irish stew, her møter vi ofte våre sambuarar Connor, Bran-Flakes og Shannon. Sambuarane våre kjem vi svært godt overens med, vi skrattar og ler og kosar oss medan vi et.

Gjennom «international society» meldar me oss på ei klippevandring frå Bray til Greystone, denne vandringa går langs irskekysten og gjev utsikt utover havet og bratte irske klipper.

15311020_10157995304465724_326631455_o

Her vert me kjend med eit knippe kjekke internasjonale studentar,  ein gjeng jenter frå Sverige og nokre gutar frå Sveits. Desse prakteksemplara av menneskearten skal vise seg å bli gode venar av oss. Saman med denne gjengen har vi funne oss ein stampub for irsk musikk og stemning, «The Brazen Head» er også Irlands eldste pub (red.anm. år 1198 e.kr). Puben blei altså bygd berre ein handfull generasjonar etter at vikingane reiste frå Irland. Det var forøvrig norske vikingar som grunnla Dublin rundt år 840 e.kr.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *