Berekraftig utvikling ved HVL – frå strategi til praksis

Siste blogginnlegg

Velkomen til berekraftkonferansen ved HVL –  frå strategi til praksis

… og tusen takk for at du er interessert i å finne ut meir om berekraftskonferansen ved HVL, som blir arrangert i Sogndal 25.-26. april 2019!

Formålet med konferansen er å auke vår kunnskap om berekraft, å synleggjere aktivitetar knytta til berekraft for våre kollegaer, på tvers av fakultet og campus, og å diskutere korleis HVL kan gjere berekraft til ein integrert del av kvardagen for alle på HVL. Dette håpar vi vil gi inspirasjon til tverrfagleg samarbeid og i arbeidet med å sette HVL sin strategi ut i livet.

Konferansen vil strømma, og i tillegg er mykje informasjon om konferansen er tilgjengeleg på desse konferansesidene. Her vil du m.a. finne sist oppdaterte program, oversikt over parallellsesjonar, og abstracts til ulike innlegg.

Konferansen går over to dagar, frå lunsj til lunsj. Vi startar på Quality hotel Sogndal torsdag 25. april kl 13.00, og avsluttar på Campus Fosshaugane fredag 26. april kl 14.30.

Vi søker å få til eit spennande og variert program, med mange interessante plenumsinnleiarar, kunstneriske innslag, sofadiskusjon og sosialt samvær.

Har du lyst til å bidra i programmet? Sjekk Call for abstracts.

Vil du melde deg på konferansen, gjer du det her.

Vi gler oss til å sjå dykk!

Med vennleg helsing

Arrangementskomiteen

Alf Harald Aronsen, Hein Berdinesen, Helene Maristuen, Irina Pavlova, Jesper Krusell, Leif Tore Trædal, Marcin Fojcik, Marte Lange Vik, Nina Goga, Sondre Strandskog Arnesen, Terje Vatlestad, Tone Skjerdal