Open forelesing om klima, katastrofe og berekraft

«Open forelesning – film og formidling» er eit gratis tilbod til studentar, tilsette og andre interesserte, der ulike forskarar kjem og gir ei kort innføring om eit gitt tema før framvisninga av ein utvald film.

Klimaendringane er i ferd med å få fatale følger for miljøet. Leonardo DiCaprio, som er utnemnt til FN sin representant i klimaspørsmål, spør kva vi som samfunn kan gjere for å stanse klimakrisa (nrk.no). Vi følgjer reisa til DiCaprio frå Grønland til Sumatra og Vatikanet for å sjå konsekvensane av klimaforandringane.

Tilsette på sosiologiprogrammet ved Instituttet for samfunnsvitskap (Irina Pavlova, Roger Hestholm og Bård Rydland Aaberge) vil dele sine tankar om kvifor miljøspørsmål er interessante for sosiologar. Nokre av tematikkane for diskusjonen vil vere: miljøsosiologi, ungdomsstreik for klima, miljøproblem som sosiale problem, og klimahandtering.

Filmvisninga er eit oppvarmingsarrangement for HVL sin Berekraftskonferanse ved campus Sogndal 25.-26. april.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *