Om konferansen

Berekraftkonferansen ved HVL 2019 – frå strategi til praksis, er den den andre, årlege konferansen ved HVL, der fokus blir retta mot å drive institusjonen i retning av ei berekraftig utvikling. Målgruppa for konferansen er primært studentar og tilsette ved HVL, både frå fagmiljøa og fellesadministrasjonen. Det er også nokre inviterte eksterne innleiarar som vil bidra til å heve blikket og kome med viktige innspel.

Tidspunkt: 25.-26.april 2019

Stad: Quality hotel Sognal/Campus Fosshaugane, Sogndal

Overnatting: Vi har reservert rom på Quality hotel Sogndal. Prisen for overnatting er kr. 1282,- per rom. Deltakarane er sjølve ansvarlege for å kontakte hotellet og booke rom for overnatting. 

Påmelding: Påmelding er dessverre stengt.

Konferanseavgift: Det er ei konferanseavgift på kr 550. Dette dekker program torsdag og fredag og alle måltid. 
Rekning for konferanseavgifta blir sendt samla til fakulteta i etterkant av konferansen.

Transport: Du kjem deg til Sogndal med buss frå Bergen eller Førde. Busstasjonen i Sogndal ligg i kort avstand frå hotellet og campus.

Torsdag er det ein bussavgang frå Bergen kl 08.45 som kjem fram til Sogndal kl 13.35. Det gir tid til ein kjapp matbit før programmet startar kl 14.00.
Fredag er det bussavgang frå Sogndal kl 14.30 som kjem fram til Bergen kl 19.10.

Torsdag er det bussavgang frå Førde kl 9.30 som kjem fram til Sogndal kl 11.15.
Fredag er det bussavgang frå Sogndal kl 14.45 som kjem fram til Førde kl 16.40.

For andre reisealternativ, sjå www.en-tur.no

Reisande frå Stord/Haugesund som ønskjer å klare seg med ei overnatting, må mest truleg køyre privatbilar. Vi oppmodar alle som må bruke privatbil om å fylle opp bilane, slik at vi sparar kostnadar og miljø. Vi vil prøve å finne ei løysing for bildeling. 

Facebook-arrangement