Doktoravhandlinga: monografi eller artiklar?

«Cat Supervision Improves Thesis Work» by pj_in_oz is licensed under CC BY-NC 2.0

Innanfor humaniora og samfunnsvitskap har monografi vore den tradisjonelle avhandlingsforma. Den artikkelbaserte avhandlinga kjem frå naturvitskaplege og tekniske disiplinar. Og sidan 1990-talet har artikkelbasert avhandling vunne stort terreng der monografien tradisjonelt har dominert (Nygaard og Solli, 2021, kap. 2; Lange, 2013, s. 21–22).

Slike tendensar kan lett verka sjølvforsterkande. «Eg bør nok skriva artiklar», tenkjer gjerne mange. Men det finst argument for begge typar, og det er viktig at du vel den forma som passar prosjektet ditt best.

Lynn Nygaard og Kristin Solli har nyleg gitt ut boka Strategies for Writing a Thesis by Publication in the Social Sciences and Humanities. «Thesis by publication» er engelsk for «artikkelbasert avhandling» eller «artikkelavhandling» – altså avhandling i form av artiklar (normalt tre) med «kappe». Sistnemnde har elles mange moglege namn på engelsk. Forfattarane listar opp ikkje mindre enn 20 alternativ (Nygaard & Solli, 2020, s. 6–7), og går sjølve for «narrative». Sjølv las eg nyleg eit kappeutkast for ein kollega her ved HVL, og namnet han hadde sett på teksten – «extended abstract» – finst ikkje på lista til Nygaard og Solli.

Kvifor artikkelavhandling?

Nygaard og Solli diskuterer ulike grunnar til at artikkelavhandlinga seglar i medvind. Ein god grunn til å velja denne varianten er at ein øver seg opp til ein meir relevant sjanger for den vidare karrieren. I akademia blir tidsskriftartiklar viktigare og viktigare. Ferdigheitene ein lærer seg gjennom artikkelskriving, kan dessutan hevdast å i større grad vera overførbare. Dei liknar trass alt litt meir på styringsdokument, policy-dokument eller andre typar tekstar ein gjerne skal skriva seinare, forskar eller ikkje. Nokon går så langt som å hevda at monografien som form er «utdatert» (Paré, 2017, sitert i Nygaard & Solli, 2020, s. 23).

Men det finst også politiske og institusjonelle årsaker, eller tre «krefter», som forklarer eksporten av den artikkelbaserte avhandlinga til nye område (Nygaard & Solli, 2020, s. 24–30):

  • Det «nyliberale regimet» og New Public Management
  • «Teljekantsystemet» (eller meir formelt Norsk publiseringsindikator) og tidsskriftartikkelens hegemoni
  • Framveksten av kollektive forfattarskap også i humaniora og samfunnsvitskap

Det siste punktet skal eg ikkje gå så mykje inn på her, utover å understreka at artiklar, og meir generelt kortare tekstar, ofte eignar seg betre for samskriving. Og du kan ha ulike medforfattarar på ulike tekstar som utgjer avhandlinga di.

New Public Management har med styring og resultat å gjera. Artikkelbasert avhandling er i denne samanhengen ein prosess som universitets- og høgskulebyråkratiet lettare kan styra, for ikkje å seia overvaka, og den stegvise utviklinga di blir lettare å måla. Artiklar er rett og slett ein måte å sikra betre gjennomstrøyming på. Eller blir oppfatta som det – som Nygaard og Solli peikar på, veit vi eigentleg ikkje (2020, s. 26).

I det norske teljekantsystemet gir artiklar god utteljing. Du vil ha tre teljande publikasjonar i det du disputerer, eller i alle fall ikkje så lenge etter. Og dette kjem institusjonen din til gode i publiseringsstatistikken. Institusjonar har såleis opplagt interesse av at du vel å skriva avhandlinga di som artiklar. Veksten i artikkelavhandlingar er eitt av fleire døme på korleis teljekantsystemet har påverka publiseringspraksis og jamvel forskingspraksis.

Eit siste moment som kan nemnast her, er at mange faktisk har nytte av fagfellevurderingsprosessen. Du og rettleiaren din er ikkje åleine med avhandlinga di, du får meir respons på eigen tekst. Men alle som har prøvd seg, veit av fagfellevurdering kan vera brutalt. Ein fagfelle er ikkje ein rettleiar og tidsskrift er ikkje primært arenaer for forskarutdanning (jf. Lange, 2013, s. 29). Vil du ha nok støtte rundt deg til å takla dette dei første gongane og til å ikkje la det gå ut over framdrifta?

Monografien

Kva er så argumenta for monografien? Eigentleg kan alle dei tre faktorane ovanfor også tala til fordel for monografien. God forsking kan ikkje målast og styrast etter prinsippa for New Public Management. Tidsskriftartikkelen er ikkje tenleg for visse typar større forskingsprosjekt, som krev meir plass. Og ikkje alle skriv saman med andre. Monografien tek i større grad høgde for at forsking og forskarutdanning, eller kanskje vi heller skal seia forskardanning, er ein modningsprosess, som artikkelavhandlinga sitt resultatfokus lett kan øydeleggja for.

«Writing Thesis» by Sam Hames is licensed under CC BY-SA 2.0

 

Som sagt passar ikkje artikkelen like godt for alle typar forsking. Kva med det klassiske sosialantropologiske feltarbeidet? Kan ein i det heile tatt gjennomføra dette i eit regime for artikkelpublisering, spør Nygaard og Solli (2020, s. 32). Antropologi er då også eit fag der monografien framleis er rådande (Fekjær, 2017, s. 69). Det er opplagt ein samanheng mellom form og innhald i forskinga.

I framhaldet av dette er det viktig å understreka at det er forskingsprosjektet som må styra forma. Dersom prosjektet ikkje lar seg dela opp i bitar, men krev ei lengre framstillingsform, eller er «tenkt monografisk», bør du neppe skriva artiklar.

Pro et contra

Som Silje Bringsrud Fekjær skriv i boka Ph.d. – en veiviser, er monografien som oftast eitt langt samanhengande arbeid. Truleg får du meir tid til sjølve forskingsarbeidet også, du kan fordjupa deg meir samanhengande i staden for å bruka mykje tid på tre submission-prosessar og alt det fører med seg. Tidsskrift gir deg klare føringar for lengd og stundom også form. Monografien, derimot, designar du i større grad sjølv. Treng du den plassen monografien tilbyr for å utvikla argumentasjonen din? Du som trur at monografi er noko for deg, er truleg også typen som har god oversikt over stor tekstmengde.

Artiklar gir som nemnt utteljing i teljekantsystemet. Doktoravhandling som monografi er faktisk ikkje ein teljande publikasjon i det heile. I Cristinsystemet er «avhandling» i same kategori som «rapport». Dette er jo underleg – det er vanskeleg å tenka seg noko som har større karakter av grunnforsking enn ein avhandlingsmonografi. Årsakene er fleire: monografiar er i utgangspunktet ikkje publiserte i ein poenggjevande kanal, men ved ein institusjon. Og dei er ikkje fagfellevurderte. Det siste stemmer vel eigentleg ikkje – det er to eksterne ekspertar som granskar manuset. Dei får attpåtil løn for det. Men prosessen er ikkje double blind, dvs. anonymisert begge vegar.

No finst det ein lang tradisjon for å publisera monografiavhandlingar på eit akademisk forlag i ettertid, der ein også kan revidera med utgangspunkt i tilbakemeldingar frå komiteen. I tillegg får du normalt ei anonym fagfellevurdering på toppen. Eit alternativ er å henta ut artiklar frå ein monografi. I begge tilfelle får du høve til å vidareutvikla forskingsarbeidet ditt, i staden for å ta fatt på noko heilt nytt. Og etter disputasen kan du få eit utanforblikk på eige arbeid som kan gjera det godt (jf. Fekjær, 2017, s. 94).

Det er likevel ikkje alle som vil prioritera å gå i gang med å revidera avhandlinga i det doktordiplomet heng på veggen. I dag kan du dessutan gjera avhandlinga tilgjengeleg i eit institusjonsarkiv på nett, og vips så har forskarverda tilgang. Artiklane på si side er i prinsippet tilgjengelege i det dei er aksepterte og publiserte. Kanskje vil rett og slett fleire lesa arbeidet ditt i og med at artiklar er lettare tilgjengelege? Kor ofte har du forresten tid til å setja deg ned og lesa ei heil bok? I den akademiske verda i dag er artiklar ein slags gullstandard: databasar for systematiske søk er orientert mot artiklar. Systematiske reviews handlar om artiklar. Mange policyar, målsettingar og støtteordningar (t.d. for Open Access) er retta mot, kanskje til og med avgrensa til, artiklar. Med ein monografi står forskinga di rett og slett i fare for å ikkje bli fanga opp (Nygaard & Solli, 2020, s.29).

Artikkelavhandling kan gje deg milepålar undervegs i form av at du publiserer stegvis (Fekjær, 2017, s. 69). Er det ein fordel for deg, er det eit ytterlegare argument. Blir det ein forstyrrande stressfaktor, er det eit motargument.

«Day 34: Thesis Status has Been Raised to Red Alert» by Anomalily is licensed under CC BY-NC 2.0

Når?

Det er mange ting som er viktig å tenka gjennom i samband med val av avhandlingsform. Problemet er gjerne at dette er noko ein må avgjera tidleg, t.d. når ein søker stipend eller opptak til program. Kanskje er det eitt av mange punkt på saklista under første møte med rettleiar? I alle fall må mange bestemma seg før prosjektet har funne si form. Og kanskje finn ein ut for seint at ein skulle valt annleis.

I mange fagmiljø finst det sterke normer eller i alle fall forventningar som gjerne styrer slike avgjerder. «Mange stipendiater tar aldri et valg om de skal skrive monografi eller artikkelavhandling», skriv Fekjær (2017, s. 68). Nokre stader må ein til og med søka om dispensasjon for å velja annleis. Uansett, mange av svara på vurderingane ovanfor ser ein først etter ei stund.

Bøkene til Nygaard/Solli og Fekjær er gode guidar til problemet. Les dei gjerne – og helst tidleg i prosessen. Og hugs: Det er du og prosjektet ditt som bør ha siste ord.

Referansar

Fekjær, S.B. (2017). Ph.d. – en veiviser. Oslo: Gyldendal.

Lange, T.d. (2013). Stykket og helt: erfaringer fra det å skrive en artikkelbasert avhandling. Uniped, 36 (4), 20–31.

Nygaard, L. & Solli, K. (2020). Strategies for Writing a Thesis by Publication in the Social Sciences and Humanities. London: Routledge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *