Fart og sjølvtillit. Eller: Kva er ei narrativ kunnskapsoversikt?

Svaret på spørsmålet er eigentleg enkelt, for det ligg i sjølve ordet: Ei narrativ kunnskapsoversikt (review) er ei forteljing om forskingsfeltet.

I eit blogginnlegg i mars skreiv mine kollegaer Marianne og Gøril om hovudskilnaden mellom narrative og systematiske kunnskapsoversikter. I det følgjande vil eg ta opp tråden og diskutera vidare kva som kjenneteiknar ei narrativ oversikt, ved hjelp av eit konkret og etter mitt syn illustrerande døme.

Dømet er henta frå artikkelen «Ideological Complementarity or Competition? The Kremlin, the Church, and the Monarchist Idea in Today’s Russia» av Marlene Laruelle, som blei publisert i Slavic Review i 2020 (79/2). Er du så heldig å vera student eller tilsett ved ein norsk høgskule eller universitet, har du tilgang til artikkelen her. Kunnskapsoversikta eg skal drøfta i det følgjande, er dei to første avsnitta etter underoverskrifta «The Putin Regime as an Ad Hoc Ideological Construction». Som kunnskapsoversikt er dette ein svært kort tekst, men det er illustrerande for kva ei narrativ oversikt er for noko, og passar difor godt for dette blogginnlegget.

Det som gjer dette dømet til ei karakteristisk narrativ kunnskapsoversikt, er nettopp at forfattaren presenterer ei forteljing om ulike vitskaplege tilnærmingar til det russiske Putinregimet. Vi kan også kalla det eit kart. Forfattaren konstruerer tre «skular» (retningar) og skilnaden mellom dei kjem tydleg fram: Anten følgjer ein pengane (kleptokrati-tilnærminga), eller så fokuserer ein på den strenge, totalitære styringa ovanfrå og ned, eller så studerer ein det russiske styresettet som ein sosial kontrakt med folket og som ein nettverkskultur prega av improvisasjon. Det siste meiner forfattaren er mest dekkande og mest nyansert, og difor sluttar ho seg til denne retninga. Vidare utover i teksten utforskar ho denne dimensjonen vidare. Kanskje kan vi forstå den korte presentasjonen av skule 3 som ein hypotese som blir testa og (mest sannsynleg) bekrefta.

For den første tilnærminga viser forfattaren til éin representativ studie; for den andre til to. Når det gjeld den tredje, har ho sett inn ein fotnotereferanse til eit verk av to andre forfattarar (dvs. andre enn Laruelle sjølv), samt til ein analyse til som Pavlovskij-sitatet er lånt frå. Forfattaren nøyer seg med andre ord med svært få referansar i denne kunnskapsoversikta.

Innvendingane frå lesaren kjem kjapt. Ein treng ikkje vera særleg inne på feltet for å tenka seg at det i praksis sikkert finst mange tilnærmingar som kombinerer dei ulike tilnærmingane. Men her handlar det nok om det Max Weber kalla idealtypar. Og anten vi kallar det idealtypar, modellar eller kart, så handlar det om å forenkla, og det er nettopp det som er poenget. Ein modell som er identisk med objektet den modellerer, er ein overflødig modell. Idealtypen/modellen/kartet til Laruelle får oss til å forstå betre, og er god til å tenka vidare med. Og ho tvingar andre forskarar til å tenka gjennom kva for tilnærming dei meiner er mest relevant, til å ta val dei kanskje har oversett.

Dette inneber også at sjølv om nokon skulle koma dragande med ein studie som er ein fjerde type, så gjer ikkje det kategoriseringa ovanfor ugyldig. Formuleringane hennar er ikkje kategoriske: There exist at least three schools working to decipher the “nature” of the Putin regime. Dei tre hovudtilnærmingane vil like fullt vera reelle og aktive og til og med dominerande, enn så lenge.

Ei anna opplagt innvending mot denne måten å gå fram på, er: Korleis veit vi at dette stemmer? Her er jo nesten ikkje referansar! Vel, du må stola på forfattaren. Etos er viktig, og dette blir skapt gjennom desse to avsnitta så vel som av artikkelen som heilskap. Ein røynd lesar må kjenna att feltet. I dette tilfellet er dessutan forfattaren eitt av dei heilt store namna innan faget. Ho har skrive og publisert mykje. Ho kan tillata seg å gjera slike generaliseringar, og ho er ikkje redd for protestar. Ho låner til og med ein musikalsk metafor og samanliknar Putinregimet med jazzimprovisasjon (noko ho kanskje ikkje ville gjort i dag – etter fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022). Teksten osar uansett av «fart og sjølvtillit», som det heiter i Tonje Glimmerdal.

Ein ung ph.d.-kandidat ville gjerne ikkje våga seg ut på noko slikt. Men ein kan også tenka seg teksten ovanfor som eit utgangspunkt for ei større undersøking, som du så bygger ut med fleire eksempel, som kanskje ligg i grenseområde, men som du drøftar opp mot idealtypane. Eller det kunne vore konklusjonen på ein lengre litteraturgjennomgang, den oppsummerande delen av kunnskapsoppsummeringa. Det vi i realiteten ser, er ein forfattar som evnar å koka ned (sannsynlegvis) uhorvelege mengder litteratur til denne svært korte, men likevel lærde oversikta. I denne konteksten, der oversikta tener som ei innleiing til analyse og drøfting, trengst det ikkje meir, men ein kan som sagt også tenka seg dette som eit stand alone review bygd ut med fleire døme. Idealtypane blir då noko ein kjem fram til etter å ha gjennomført diskusjonen.

Ei slik tilnærming er også mogleg for relativt unge forskarar å gjennomføra – kanskje ikkje som ein første artikkel i ei artikkelbasert avhandling, men absolutt som ei oppsummerande forskingsoversikt i ei kappe. Eller som forskingsoversikt i ein monografi.

Korleis får ein likevel oversikta som trengst? Svaret er like enkelt som vanskeleg: Du må lesa. Meir. Dette er den viktigaste metoden. Kva du skal lesa, finn du ut ved å søka i databasar og andre søkekjelder, og ved å utforska litteraturlister i det du alt har av relevante kjelder. Gjennom kritisk lesing finn du ut kva som høyrer med og ikkje.

Legg forresten merke til at referansane i dette dømet er primært bøker, ikkje tidsskriftartiklar. Tidsskriftartiklar er ikkje gullstandarden på alle fagfelt. Kanskje er det slik på visse område at dei forskingsresultata som er særleg viktige, er dei som kjem som bok? Kva kjeldetype som er mest relevant er også noko du må lesa deg fram til. Parallelt blir du meir erfaren: Du lærer deg kva du får kjennskap til gjennom databasesøk og kva du får kjennskap til på andre og litt meir tilfeldige måtar.

Oppsummert: Det som gjer Marlene Laruelle sine to avsnitt til ei idealtypisk (!) narrativ kunnskapsoversikt, handlar dels om stil, altså måten det er skrive på. Det er ei forteljing som opplyser. Forfattaren diskuterer, tolkar og kritiserer, om enn kortfatta. Ho jobbar med eit utval kjelder ho meiner er særleg representativt. Endeleg brukar ho kategoriseringa si for å posisjonera eige arbeid. Ho kjem med ei innvending mot skule 1 (yet), medan skule 3 er presentert (også) som eit alternativ til skule 2 (= a more nuanced view). Kanskje antyder ho også at den tredje tilnærminga er meir kompleks og at ho dermed fangar inn meir enn dei to andre (two levels of analysis).

Ein ting til du kan merka deg, er at denne oversikta ligg i grenselandet mellom teori og empiri. Det handlar ikkje berre om ei samanfatning av «funn» eller «resultat» – oversikta går vidare og generaliserer: Kva er dei mest vanlege inngangane eller perspektiva på fenomenet «Putinregimet»? Og når det handlar om perspektiv, om brillene du ser med, då er vi over i teori. Narrative oversikter går gjerne ut over det reint deskriptive og stiller også spørsmål av typen «korleis kan vi forstå betre det vi studerer?»

Du som lesar er kanskje likevel skeptisk. Kvar blir det av ideologien i den tredje tilnærminga til Laruelle? Spelar ikkje det noka rolle liksom? Dette kan vera ditt kritiske spørsmål medan du les vidare. Kanskje blir du overtydd av the third school, kanskje ikkje. God faglitteratur i eit tydeleg språk får deg til å tenka sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.