Nøyaktige referansar og korrekte litteraturlister er viktig. Det lærer alle studentar og forskarar. Ikkje minst lærer dei det av biblioteket. Men kan det bli ei sovepute også?
I boka Å skrive akademisk: En veiviser for forskere, som kom på Cappelen Damm Akademisk i 2021 (2. utg. 2022), tek Solveig Østrem, teolog og professor i pedagogikk ved OsloMet, opp fleire sider rundt referering og referansens status i akademisk tekst. Eit ikkje så lite provoserande synspunkt ho set fram, er at kravet om eksakte referansar ofte får forrang for kravet om gode argument. Det blir viktigare å referera rett enn å argumentera godt. Påstanden hennar bør utfordra alle som arbeider med akademisk skriving – ikkje berre oss i biblioteket som går for å vera spesialistar på eksakt referering, men alle lærarar i høgare utdanning og skrivande forskarar.
Referansar kan aldri erstatta argument, meiner altså Østrem. Om argumentet er lånt av andre eller byggjer på eit forskingsarbeid, skal du sjølvsagt referera nøyaktig, men det avgjerande for teksten er kva argumentet seier, ikkje klassifiseringa av kjelda det stammar frå. Det må høyra heime i ein samanheng – din argumenterande tekst – og det må tilføra denne teksten noko. Og argumentet må formulerast som eit argument: ein relevant og haldbar påstand som verkeleg støttar det du vil få fram. Ein referanse er ikkje eit argument, det er berre ein referanse.
Tvilsame praksisar
Østrem har mange gode, og tidvis rystande, døme på tvilsam referering. Det handlar sjeldan om at referansen teknisk sett er feil, sjølv om ho også skriv opplysande om den utbreidde tendensen til at forfattarar droppar sidetalet. Dette er ein kritikk særleg Ole Bjørn Rekdal har formulert tidlegare, vi har også skrive om det på denne bloggen. Boka til Østrem fortel oss at vi ikkje er ferdige med temaet. Det avgjerande er at den som les, faktisk kan gå til kjelda og sjekka. Og då må normalt sidetalet vera der. Ein kan gjera unntak for samandrag eller parafrasering av hovudfunn, men ein bør inkludera sidetal der ein kan.
Ein annan type utbreidd praksis er namedropping i form av overfylte parentesar. Hovudproblemet er ikkje jåleriet dette representerer. Først og fremst blir det i slike tilfelle uklart kva referansane eigentleg fortel oss eller understøttar. Typisk nok er påstandane kjeldene her skal støtta, gjerne generelle eller innlysande. Det trengst ikkje referansar til forskingsartiklar for påstandar som «leik er utviklande» eller «god leiing er viktig». I slike tilfelle kan referansane til og med bli forstyrrande. Å finna ut kva referansane eigentleg bidreg med, blir, som Østrem skriv på side 115, ein «gjettelek».
Kva seier eigentleg referansen?
Så har vi dette med sekundærreferansar, som vi så ofte terpar på. Du bør alltid gå til originalkjelda. Om du kan. I ein del samanhengar er likevel kravet urealistisk. Skal lærarstudentar alltid oppsøka originaltekstar av Vygotskij i arbeidskrava sine? Særleg når det er tale om ein teoretisk eller filosofisk klassikar, finst det ofte nokon «mellom» som har forsøkt å gjera eldre innsikter relevante i ein ny kontekst.
Problema kan oppstå når også denne tolkinga blir formidla vidare, når det blir for mange mellomledd. Då oppstår lett den såkalla kviskreleiken, altså at forskingsfunn blir fordreia fordi ein ikkje har sjekka kva som faktisk står i primærkjelda. Kanskje har du høyrt at klassiske førelesingar er ei passiviserande undervisningsform som ikkje skapar så mykje læring? Men er det faktisk tilfellet? Kvar har vi dette frå?
Det viktige er at du veit kva som faktisk er di kjelde og om ho er truverdig. Særleg tankevekkande i så måte er avsnitta der Østrem viser korleis ho sjølv har blitt referert til. Ho gjev her døme på korleis ho har blitt brukt som belegg for ting som teksten hennar ikkje tek opp («personalledelse»). Eller ho skjønar rett og slett ikkje kva ho blir sitert på. Sjølvsagt manglar sidetala i slike tilfelle, så det blir vanskeleg å sjekka. Østrem kunne oppdaga denne tvilsame praksisen fordi det var hennar eigne arbeid det blei referert til, og ho visste sånn nokolunde kva ho hadde skrive. Men kor ofte har ein høve til å sjekka referansar slik?
Passiv sitering
Østrem kallar mykje av dette for passiv sitering (sjå side 125 i boka hennar). Passiv sitering er nettopp når forfattaren lèt det bli uklart kva referansen eigentleg har sagt. Kjelda kan i slike tilfelle godt takast til inntekt for det motsette synspunktet, utan at det nødvendigvis var intensjonen. Her er eit utdrag frå eit døme Østrem diskuterer:
Barnehagelæreren må forholde seg til pedagogiske programmer som både kommer fra akademiske institusjoner og fra konsulentfirma. […] Mange av programmene markedsfører seg som forskningsbaserte og at bruken av de vil gi god effekt på barns læring (Greve, 2015).
Spørsmålet her blir: kva er det Greve eigentleg har sagt om dette? At programma har god effekt på læring hos barn? Eller gir Greve ein kritisk analyse av denne situasjonen?
Ansvar for eigen tekst
Det finst altså ulike typar referanseslurv. Felles for dei, hevdar Østrem, er at forfattaren ikkje tek ansvar for argumentasjonen, men outsourcar belegget til andre forfattarar, og satsar heller på at ein referanse gjer susen. Forfattaren gøymer seg og lèt kjeldene gjera jobben. Men dette er latskap og det er dårleg akademisk skriving. Akademisk skriving er (også) dialog med tidlegare forsking, og skal dialogen fungera, må stemmene vera tydelege og moglege å skilja frå kvarandre. Inkludert di eiga.
Slurvete, misvisande referering kjem neppe til å bli borte med det første. I dag finst det teknologi som søker opp referansar for deg som (kanskje) passar til det du skriv om – mens du skriv. Denne teknologien kan gjera det endå meir freistande å referera utan å lesa, å referera utan å argumentera.
