IMRoD-mysteriet – eller, kva er eigentleg ein vitskapleg artikkel no igjen?

Ein kan ofte koma over påstanden om at «dei fleste vitskaplege artiklar har IMRoD-struktur» (sjå NIOF, NTNU, Nord). Sjølv om ein tek eit lite atterhald av typen «dei fleste» eller «som oftast», er formuleringa likevel misvisande.

IMRoD tyder «Innleiing», «Metode», «Resultat» «og» «Drøfting». IMRaD på engelsk. Det er mykje godt å seia om IMRoD, men det er viktig å forstå kva type forsking og skriving modellen passar for og kva han passar mindre godt for.

Sjølv hadde eg lenge arbeidd som forskar utan å vita kva IMRoD var for noko. Korkje som ph.d.-kandidat eller postdoktor kan eg hugsa å ha høyrt om det. Eg hadde nok sove i timen, men det var først då eg blei engasjert av biblioteket ved Høgskulen Stord/Haugesund til å undervisa studentar i akademisk skriving at eg blei merksam på fenomenet. Presentasjonen min trong nokre lysbilde om «struktur», og eg las i bøkene om oppgåveskriving at det er noko som heiter IMRoD. Etter ei stund gjekk det opp for meg at modellen stammar frå ein bestemt type forsking.  

Kven for?

Søk og skriv heiter det at IMRoD «brukes spesielt i helsefag og naturvitenskapene». Dette er meir presist enn nettsidene eg viste til i ingressen, og det kan vera verdt å reflektera litt meir over kvifor. Den beste måten å forstå IMRoD på, er å sjå føre seg eit laboratorium. Ved hjelp av ein metode (og materiale) produserer ein eit resultat. Til slutt ser ein dette i ein større samanheng, prøver å forklara resultatet og samanliknar med det andre har gjort. Altså drøftar.

Samstundes har IMRoD spreidd seg til fagområde som samfunnsfag og pedagogikk. Og lat det vera sagt: Modellen passar godt for kvantitativ forsking. Utfordringane oppstår når forskinga blir kvalitativ. Kvifor? I kvalitativ forsking ligg det ofte ikkje føre noko umiddelbart «resultat» av datainnsamlinga. I alle fall ikkje før data er blitt tolka. Og tolking krev diskusjon. D-en har lett for å koma før R-en.

For mange klassiske humanistiske disiplinar passar modellen ofte ikkje i det heile. Her er det vanleg å analysera og tolka tekstar (i vid forstand), altså overlevert materiale. Tekstane finst der ute ein stad, ein treng altså ikkje metodar for å finna noko å forska på. Ofte snakkar ein ikkje om metode i slike fag i det heile (teori, derimot, står høgt i kurs). Kan henda er det Gadamer som svevar over vatna: «Det finnes ingen egen metode for åndsvitenskapene» (Gadamer, 2010, s. 33).

Det siste er sjølvsagt diskutabelt – andre har hevda at hermeneutikk også er ein metode (Gilje 2019). Framgangsmåten i tekstanalysen kan ein gjerne kalla «metode». Men når ein ikkje driv med forsking som produserer forskingsdata, er ikkje metodedel eit krav. IMRoD er derimot ein modell orientert mot nettopp metode og generering av data. Etter ei Innleiing (problemstilling og anna som trengst opplysast om) blir det gjort greie for metoden og denne produserer eit resultat som til slutt skal drøftast. 

Kvalitativ forsking

I tillegg kan ein diskutera om «resultat» er eit dekkande omgrep for tolkingar. Er ikkje «funn» betre? Dette høyrest gjerne ut som filologisk flisespikkeri, men det er viktig å vera klar over at tolking av materiale inneber diskusjon, og at om ein følgjer IMRoD, må ein dermed diskutera to gonger. Kanskje er det like nyttig å operera med ein hovuddel som er ein lang tolkande og drøftande analyse (byt om på orda ettersom det passar), som leier fram til ein konklusjon? Altså, til eit «resultat»?

Det er nettopp dette ein ofte kan sjå når IMRoD blir brukt i kvalitative analysar – resultatdelen blir veldig lang. Kanskje er det til og med nødvendig å trekka inn anna forsking når du drøftar fram resultat. Slik gjer ein jo ofte i akademisk tekstanalyse. Her involverer du tidlegare forsking når du utviklar eigne resonnement. Så kva blir det då att å drøfta etterpå? Noko er det alltid. Ein kan løfta blikket og sjå funna i ein større samanheng. Men ein kan også føla at ein har gått tom.

Poenget her er å oppmoda skrivande til å bruka den strukturen som passar forskinga best. Dess meir kvalitativ, dess mindre passar IMRoD, er min påstand. For teoretiske artiklar passar han som oftast ikkje i det heile.

Eg har snakka mest om forskarar no, men dette gjeld også for studentar. IMRoD blir til dømes brukt for bacheloroppgåva i sjukepleie, der «resultatet» er samanfatning av eit utval forskingsartiklar. Dette er dermed ei overføring av ein spesifikk struktur frå andre typar forsking. Er det opplagt at det er den beste modellen? Det blir i alle fall fort til at ein må seia det same fleire gonger.

Kreativ skriving

IMRoD skaper eit inntrykk av at forsking skjer separat frå skrivinga. Du får resultat og så skriv du dei ut. Det treng sjølvsagt ikkje vera slik, ikkje ein gong for hard core kvantitativ forsking. Likevel har fleire, også frå fagområde der IMRoD er gjeldande norm, peika på at IMRoD-strukturen ikkje reflekterer tankearbeidet som fører fram til ny innsikt. Nobelprisvinnaren Peter Medawars kritikk frå 1964 er ofte sitert i slike samanhengar (Wu, 2011; Batmanabane, 2018). Medawar meinte at diskusjonen burde koma først! Sjølv vil eg legga til at modellen ikkje tek høgde for at skriving er ein teknologi for utforsking (Johansen, 2009).

Ein samfunnsforskar som skriv i andre format enn IMRoD og som har fått prisar for skrivinga si, er Bjørn Egil Flø. I ein fin analyse peikar Norunn Askeland på ei rekkje språklege verkemiddel som gjer prosaen til Flø særleg kreativ utan å gå på akkord med det faglege. Askeland er også innom spørsmålet om IMRoD, utan å heilt konkludera om kvifor Flø har vald andre format.

Til Askelands resonnement vil eg gjerne legga til at den opplagte grunnen til at Flø ikkje brukar IMRoD i den aktuelle artikkelen, er typen forsking det her er tale om. Dette er ikkje ein studie der ein bestemt metode har generert empiri med utgangspunkt i eit spørsmål. Snarare er det ei drøfting av eit case: ein viss type reaksjon forskaren har notert seg mellom informantar (bygdefolk) på å gjera bygda til ei vare. Denne reaksjonen er også ein respons på forholdet mellom forskar og informant. Dette skaper spørsmål som Flø søker ei teoretisk og historisk forklaring på. Kort sagt, det er ein annan type studie enn det IMRoD passar for.

Etter å ha lese nokre artiklar av Flø, er eg elles overtydd om at han kunne skrive «kreativt» også innanfor IMRoD, dvs. i analysen av eit større datamateriale. Men det er ein mindre passande form for den typen sjølvrefleksiv teoretisering Flø her praktiserer. Eller med det teoretiske utgangspunktet til Askeland og medredaktøren Iben Brinch Jørgensen i boka Kreativ akademisk skriving (som analysen av Flø sin artikkel står i): Kreativ akademisk skriving er akademisk skriving som på ein aktiv måte «er tilpasset omstendighetene».

Ja, så var det spørsmålet i tittelen – kva er ein vitskapleg artikkel, no igjen? Blogginnlegget bør avrundast, så du skal få eit veldig kort svar. Det er ein publikasjon som gjev ny innsikt. Han skal vera fagfellevurdert og publisert i ein påliteleg publiseringskanal. Helst også i eit tydeleg, akademisk språk og form som gjer at andre kan nytta denne forskinga vidare.

Litteratur

Askeland, N. (2019). Kreativ vitskapsprosa – eit relevant kriterium i fagfellevurdering? I I.B. Jørgensen & N. Askeland (Red.), Kreativ akademisk skriving (s. 138–156). Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215031613-2019

Batmanabane, G. (2018) The IMRAD Structure. I P. Sahni, & R. Aggarwal (Red.), Reporting and Publishing Research in the Biomedical Sciences (s. 1-4). Springer.

Flø, B.E. (2013) Me og dei andre: Om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon. Sosiologisk tidsskrift 21(2), 152–168.

Gadamer, H.G. (2010). Sannhet og metode: Grunntrekk i en filosofisk hermeneutikk. Pax.

Gilje, N. (2019). Hermeneutikk som metode: Ein historisk introduksjon. Samlaget.

Johansen, A. (2009). Skriv! Håndverk i sakprosa. Spartacus.

Wu, J. (2011) Improving the Writing of Research Papers: IMRAD and Beyond. Landscape Ecol 26, 1345–1349.

 

Kåre Johan Mjør, førstebibliotekar HVL Stord

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.