Korleis skriva meir?

Skriving er kjekt. Vi som jobbar ved universitet og høgskular, brukar gladeleg fritida vår på å skriva bøker, artiklar, forskingssøknader – kort sagt på akademisk skriving. Men burde det ikkje vera mogleg å få gjort meir av det i arbeidstida også? Det er då trass alt jobben vår?

Sjølv om det er aldri så kjekt, kan det fort gå ut over motivasjonen om ein berre skal skriva på fritida. For den tradisjonelle, mytiske professoren var det aldri noko skilje mellom arbeid og hobby, men tida hans – for det var jo som oftast ein han – er truleg forbi. I dag må alle gå på møte.

Tidstjuvar

CCO Public domain

Livet i akademia er fullt av tidstjuvar. Undervisning og rettleiing tek meir tid enn du får utteljing for i arbeidstidsrekneskapen. Der kan du heller ikkje føra opp alle epostane og folka som bankar på døra.

Og så har du internettet. Hovudproblemet treng ikkje vera tullenytt eller vener som har oppdatert profilbildet sitt. På nettet finst flust med stoff som har med jobben å gjera. Ein kollega har publisert ein artikkel. Siste nytt handlar om skule, barnehage eller helse.

Også det å søka etter faglitteratur kan vera ein tidstjuv. Dette er ein del av jobben ein ikkje kjem utanom. Å surfa etter bøker er noko av det kjekkaste eg gjer på nettet. Relevant er det ofte også. Men tida går.

Korleis skriva mykje?

Paul Silvia er professor ved University of North Carolina at Greensboro, med særleg kompetanse i kreativitetens og kunstens psykologi. Boka hans, How to Write a Lot: A Practical Guide to Productive Academic Writing, er i 2019 komen i ei ny utgåve. Den tynne boka er rik på skrivetips. Og ho er eintydig på kva som skal til for å få skrive nok: schedule. Du må aktivt setja av tid.

Du set av tid til alle andre oppgåver: undervisning, rettleiing, møte. Du et lunsj og drikk kaffi til meir eller mindre faste tider. Du skal tenkja på same måten om skriving. Du skal ikkje «finna tid», du treng ikkje «leita», i alle fall ikkje ut over å identifisera kva tidspunkt i veka som passar best og ikkje kolliderer med andre plikter. Du leitar jo ikkje etter tid til å undervisa.

Når du har funne ut kva tidspunkt i veka som passar best, set du av denne tida – til skriving. Det kan vera den første halvtimen kvar dag. Det kan vera to timar kvar torsdag. Det kan vera resten av fredagen etter lønsj. (Nei, du skal ikkje ta ein tidleg fredag for å reisa på hytta.) Meir skal det ikkje til for å få skrive ein god del.

Skinnbarrierane

Psykologen Silvia er nådelaus mot dei som skuldar på «skrivesperre». Dette er berre eit namn på det faktum at du ikkje skriv. Meir spesifikt diskuterer han fem barrierar som hindrar folk i å skriva meir. Eller «skinnbarrierar» som han kallar dei (Silvia, 2019, s. 11–27). Det er altså først og fremst tale om unnskyldningar.

1. «Eg finn ikkje tid»

Som sagt, du skal ikkje finna tid, du skal setja av tid. Lag ein timeplan for skriving på same måte som for dei andre pliktene dine. Silvia siterer forfattaren Ralph Keyes: «the simple fact of sitting down to write day after day is what makes writers productive» (Silvia, 2019, s. 15). Som rettleiaren min brukte å seia det: Den beste arbeidsstaden er baken.

2. «Eg må få lest meir»

Her blei eg litt overraska over svaret til Silvia. Han meiner at lesing og skriving ikkje er noka motsetning, begge deler høyrer heime i skrivetida. Men dei fleste har vel erfart at ein fort les for mykje og ikkje kjem i gang. Truleg har Anders Johansen eit betre råd til dei som møter denne barrieren: Skriv først og les etterpå. Det er lettare å koma i gang når du opplever problemet som relativt enkelt (Johansen, 2013, s. 16). Sidan kan du problematisera etter kvart som du les meir. Men då har du heldigvis alt eit konkret tekstleg utgangspunkt å jobba med. 

3. «Eg treng nytt utstyr»

Vi som kjem frå humaniora, tyr kanskje ikkje så ofte til denne, men Silvia minner oss på noko sentralt: du treng minimalt med utstyr for å skriva, og svært sjeldan ny pc. Fikst utstyr og appar som skal få deg til å skriva meir kan dessutan bli ein ytterlegare tidstjuv.

4. «Eg treng inspirasjon»

Denne er nok meir utbreidd. Inspirasjon får du gjennom å tvinga deg sjølv til å arbeida. Inspirasjonen råkar deg når du arbeider, som Picasso skal ha sagt. Og dei gode ideane kjem gjennom arbeidet med eigen tekst, ikkje før. Faste rutinar er såleis mykje meir effektivt enn inspirasjon. I akademisk skriving er det dessutan mange pliktløp som ikkje treng inspirasjon i det heile, berre sjølvdisiplin: metodedelen, teorikapitlet, purpose and aims  …

5.  «Eg må nett få unna alt det andre først»

Denne er verkeleg skummel. Det kjem alltid nye epostar, fleire møte, meir banking på døra. Denne haldninga viser berre at du ikkje planlegg, ikkje disponerer tida di, men let deg riva med av det som til ei kvar tid dukkar opp. Og dermed utset du det du eigentleg burde gjort, du prokrastinerer.

Prokrastinering er eit ord eg sjølv, og sikkert fleire med meg, først fekk eit forhold til gjennom Agnes Ravatn sine tekstar om eigen manglande sjølvdisiplin. Prokrastinering vil seia «aktiv utsetjing». Ifølgje Ravatn trur prokrastinøren at ho må vera motivert og at arbeidet blir dårlegare om ein ikkje er motivert. Dermed er det berre frykt som til sjuande og sist kan få vedkommande til å verkeleg ta fatt, noko som i dei fleste situasjonar resulterer i utsetjing (Ravatn, 2014, s. 69–75).

CCO Public domain

Ver konkret!

Løysinga, anten ein les Silvia eller Ravatn – og dei er tilsynelatande på linje – er eit forpliktande skriveregime, like forpliktande som andre plikter du er pålagt gjennom jobben. Dette regimet skal du aktivt forsvara, det er faktisk jobben din. Skriv skriving inn i outlook-kalendaren, og set deg på biblioteket om du ikkje får fred. Som med undervisning er det berre sjukdom som er god nok grunn til å kansellera.

I tillegg til å setja av tid, bør du skaffa deg oversyn over prosjekta dine. Ta først fatt på det du vil få unna først og avgrens skriveøktene dine til ein ting om gongen. Multitasking er, som dei fleste vel no har blitt klar over, ein illusjon. Ver konkret: ha som mål å skriva til dømes så og så mange ord i ei økt; å revidera og leggja til to avsnitt til det du skreiv i går; gå gjennom referansane i artikkelen; kommentera det kapitlet i boka du redigerer; osv. (for fleire tips, sjå Silvia, 2019, s. 36). Etter kvart får du eit betre bilde av din eigen arbeidsprosess, og veit om lag kor mykje du kan rekna med å få gjort på to timar.

Så får ein sjølvsagt ikkje gjort like mykje i kvar økt. Nokre dagar er skriving meir frustrerande enn andre. Ikkje alltid er det like bra det ein produserer heller. Men andre gongar får ein gjort mykje, ein skriv noko rett bra og har det moro. Takk vere skriveregimet ein har sett for seg sjølv.

I motsetnad til undervisning treng du dessutan ikkje avslutta skrivinga etter 45 minutt. Inspirasjonen kjem gjerne nettopp når du arbeider godt. Kanskje er det berre å halda fram? Viss ikkje du er så uheldig å ha avtalt eit møte etterpå, då.

(Denne teksten er eit resultat av den første «Hald kjeft og skriv»-samlinga på campus Stord. Takk til Benny Huser, Åshild Havnerås, Ragnhild Alice Bjerk Steinsland, Kari Marie Thorkildsen og Ingvild Brekke Myhre for god diskusjon etterpå.)

Litteratur

Johansen, A. (2013). «Sett i gang!». I Øyen, S.A. & Solheim, B. (red.). Akademisk skriving – en skriveveiledning (11-18). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Ravatn, A. (2014). Operasjon sjølvdisiplin. Oslo: Samlaget.

Silvia, P.J. (2019). How to Write a Lot: A Practical Guide to Productive Academic Writing (2. utg.). American Psychological Association: Washington, DC.

Kåre Johan Mjør

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *