Om du nokon sinne har hatt bruk for å gjera eit søk etter helsefagleg- eller medisinsk litteratur har du heilt sikkert støtt på uttrykket MeSH.
MeSH er ei forkorting for Medical Subject Headings, eller medisinske emneord som me kallar det på norsk. Emneorda skal gjere det enklare for deg å finne fram til forskinga som er mest aktuell for ditt felt.
Alle MeSH-ord er innordna i eit stort emnehierarki eller thesaurus, og kvart år kjem det nye emneord og indekstermar som kan beskriva innhaldet i den nyaste forskinga. MeSH-ord får mellom anna alle artiklar som er registrerte i referansedatabasen Medline/Pubmed. Det er amerikanske National Library of Medicine (NLM) som lagar databasen, og dei har eigne team som indekserer alle artiklane i databasen ved å tilordne dei nokre MeSH-ord for å skildre innhaldet i artikkelen.
NLM gjer kvart år ut ei oversikt over dei nye MeSH-orda og 2018 er ikkje noko unntak, årets liste er på 90 sider og inneheld både eitt og hitt. Fleire av dei nye MeSH-orda går rett inn i den typen verksemd me held på med ved HVL. MeSH-lista er (sjølvsagt) alfabetisk, men eg har berre plukka fram nokre smakebitar her og der.
Utdanning og forsking
Dei første nyorda som gjeld oss som institusjon er Academic failure, Academic performance og Academic success. Uttrykka er primært retta mot studentar og utdanningsutbytte, men Academic performance kan òg gjelde vitskapleg arbeid.
Interessant for HVL og ambisjonane med samarbeid på tvers er at både Interdiciplinary placements, tverrfagleg læring, og Interdisciplinary research, forsking som brukar og tilpassar metodar og idear frå fleire felt, er med på årets liste.
Patient Generated Health Data kan vera greit å kjenna til om ein driv med forsking på pasientar. Dette er data som pasientar eller pårørande sjølve har samla i høve til eigen helseutfordring.
Scholarly Communication er jo slikt som me på biblioteket er opptekne av, korleis ein lagar, evaluerer og distribuerer forsking ut til resten av forskingsverda.
Kreft og kroniske sjukdommar
Frå C vil eg gjerne ta med Cancer Survivors, etterkvart som mange av oss anten overlever eller lever med kreft. Emneordet gjeld òg for korleis sjukdommen har påverka familie og pårørande.
Eit anna kreftrelatert nyord i MeSH samanhang er Psycho-Oncology, som er ein medisinsk spesialitet innan kreftmedisin. Den dreier seg om relasjonane mellom dei fysiske, fysiologiske, sosiale, atferdsmessige og etiske aspekta ved kreft, og undersøker korleis atferd og psykososiale faktorar påverkar sjukdomsforløpet.
For fysioterapispesialistar i kreftomsorga kan det vera interessant å veta at Manual Lymphatic Drainage no har blitt emneord.
Eit viktig del av livet med kroniske sjukdommar er dagleg handtering av symptom, behandling, fysiske og psykososiale konsekvensar av sjukdommen. For helsepersonell er støtte til eigen meistring ein viktig del av tilbodet for kroniske pasientar. Self-Management er difor eit kjærkomment tilskot på lista.
Livstrugande hendingar og sjukdom set djupe spor og ein har gjerne bruk for oppfølgjing i etterkant. Survivorship handlar om nettopp dette.
Psykisk helse og rusarbeid
Til glede for alle som arbeider med rusfeltet finn ein no eit eige MeSH-ord for Addiction Medicine.
Og for dei med interesse for psykisk helsearbeid er det kjekt at den hovudsakleg biomedisinke databasen Medline/Pubmed no har tatt med Mental Health Recovery. I mange helsefag er recovery ein viktig del av det å bli frisk og leva sjølvstendige liv.
Helse- og helsevesenet
Dei seinare år har det vore mange diskusjonar om matintoleranse og frå 2018 har ein inkludert Food intolerance i MeSH.
Ein annan stor diskusjon har vore eldrebølgja, ikkje minst korleis me kan halda oss friske lenger, og då er det kjekt at Healthy aging har komme med i MeSH. Men kva kallar me det på norsk, helsesam aldring?
Multimorbidity er eit anna sentralt begrep, når ein person har fleire ulike sjukdommar, korleis påverkar sjukdommane og behandlingane kvarandre.
Samval og brukarmedverkning er sentrale ord i norske helsevesen, å ha betre forståing av pasientane er ein del av dette og no fins MeSH-ordet Narrative Medicine som er verktøy for å samla inn og tolka informasjon om pasientens oppleving av å vera sjuk.
Eit stort problem i helsevesenet er når pasienten ikkje møter til behandling, eller ikkje føl den behandlinga ein har fått. Treatment Adherence and Compliance handlar om dette og implisitt i dette ligg ei aktiv samhandling mellom pasient og helsevesen.
Vaccination Coverage har òg dukka opp blant årets nye MeSH-ord, det pågåande meslingutbrotet i Sverige kan vel tena som grunngjeving for kvifor ein no er oppteken av dette.
Det er mange andre nye ting i MeSH-emneorda, men dette var dei eg som kontaktbibliotekar for forskarar i helse- og sosialfaga syns var dei mest nyttige. Ein kuriositet til slutt, eit av nyorda i MeSH er Bedridden persons, ein skulle vel tru at sengeliggjande personar har vore eit fenomen ein har støtt på i tidlegare tider òg??