Vitskapeleg metode og akademisk skriving

Når produserer den akademiske skrivinga vår ny kunnskap? Er det når vi har funne fram til den eksakte metoden? Er det når vi nyttar rett teori på nye data eller gamle kjelder? Eller ligg svaret kan henda i sjølve skrivearbeidet?

Slike spørsmål er det Øyvind Pålshaugen stiller i den siste boka si, Kulturvitenskapenes språk: Kritisk vitenskapsteori for samfunnsvitere og humanister (2018).

Utgangspunktet hans er følgjande: Mange av oss forskarar har lese mykje vitskapsteori og er godt skulerte i ymse raffinerte metodar. I det verkelege skrivelivet er det likevel arbeidet med språket som avgjer kvaliteten på det som skal bli ein artikkel eller ei bok. «Slaget står underveis, i arbeidet med hver enkelt formulering, og handler om den helt konkrete språkføringen», står det å lesa på baksida av boka.

Teori og praksis

Kulturvitenskapenes språk er altså ei bok som er relevant for oss som forsøker å forstå akademisk skriving betre. Undertittelen på boka antyder rett nok at ho handlar om vitskapsteori, men dette er inga innføring i vitskapsteori. Det er meir tale om ein vitskapsteoretisk sjølvrefleksjon, som samstundes løftar fram skriving.

Vi finner utallige eksempler på publikasjoner der forfatteren innledningsvis inntar en vitenskapelig «posisjon», som en blanding av «egenerklæring» og opplysning til leseren. Derimot finner vi ikke tilsvarende mange eksempler på at den vitenskapsteoretiske posisjonen forfatteren «bekjenner» seg til, har hatt særlig betydning for hvordan konkrete problemer som kan ha ulike typer vitenskapsteoretisk tilsnitt, er håndtert i selve skrivearbeidet. (Pålshaugen, 2018, s. 9–10)

Pålshaugen hevdar altså at det er svært varierande i kva grad den innleiande vitskapsteoretiske drøftinga i ein tekst, som mange oppfattar som obligatorisk, i praksis er dei brillene forskaren ser med. Eller pennen vedkommande skriv med. Kva har dei klassiske vitskapsteoretiske problemstillingane eigentleg å seia for den konkrete vitskaplege praksisen?  

Kvar finst det analytiske språket?

Dette blogginnlegget var meint å handla om akademisk skriving. Så langt har det hatt meir karakter av metarefleksjon over metateori. Eit sentralt poeng i boka til Pålshaugen er at den vitskapsteoretiske refleksjonen ikkje berre kan handla om teori og metode i tradisjonell forstand, men også må handla nettopp om korleis ein formulerer seg. Gjennom ein serie kritiske lesingar peikar Pålshaugen på kva rolle språklege grep spelar i forskinga. Eitt av kapitla handlar om Atle Kittang sine klassiske analysar av romankunsten til Hamsun. Pålshaugen demonstrerer korleis Kittang ofte viser til eit «djupnivå» både i Hamsuns romanar og meir generelt når han teoretiserer omkring kva diktekunst djupast sett (!) er.

Å postulera ei djupn i litteraturen er eit retorisk grep, som hos Kittang fungerer som eit argument. Pålshaugen på si side etterlyser at Kittang hadde vore tydelegare i omgang med denne termen. Valet av djupnemetaforen synest ikkje særleg «djupt» tenkt. «Et valg som vel er mer konvensjonelt enn gjennomtenkt. Ikke et uvanlig valg, snarere omvendt, det er sjangerens valg, nærmest sjargong» (Pålshaugen, 2018, s. 141).

Gjer meir teori teksten betre?

Nokre vil kanskje hevda at slik avsløring som Pålshaugen her gjer, er eit argument for «meir vitskapsteori». Poenget til Pålshaugen er snarare at omgrep ikkje berre får meining gjennom abstrakte definisjonar, men også gjennom bruk. Og han leier merksemda mot staden der det viktige i ein vitskapleg tekst skjer. Dét er ikkje nødvendigvis i den stringente definisjonen og i den konsekvente metoden:

Tilliten til begrepenes evne til å sammenfatte en kompleks materie forleder forfatteren til å konsentrere sin oppmerksomhet om en mest mulig presis bruk av allmenne begreper, for slik å kunne gi en angivelig presis vitenskapelig framstilling av sitt emne. Men stikk imot intensjonen kan resultatet like gjerne bli en tekst som ikke synes å treffe saken. (Pålshaugen, 2018, s. 53)

Presisjon i definisjonane og konsekvent bruk er viktig, men er ikkje i seg sjølv ein garanti for at det blir produsert nye innsikter. Resultatet kan like fort bli ei generell framstilling av temaet, utan analytisk kraft. Ein må dermed vera varsam med å tillegga det vitskaplege omgrepsapparatet større kraft og status enn det i røynda har.

Maskineriets skrammel

Då professor i russisk litteratur Jostein Børtnes i 1988 publiserte doktoravhandlinga si frå 1975, kutta han ca. 100 sider med teori og metode. Åra som universitetslektor i Cambridge hadde gjort han kjent med eit anna ideal enn det som herska ved allmenn litteraturvitskap i Oslo på 1970-talet. I Cambridge var det ingen som lét seg imponera av lange teori- og metodekapittel, eller the rattling of the machinery. Det avgjerande var om du hadde eit produktivt perspektiv på materialet og makta å gje eit presist uttrykk for det (Hägg, 1997, s. 6). 

Teori er viktig, men først og fremst når vi forstår det som eit perspektiv, kva du ser noko som. Foucault-eksperten Espen Schaanning har karakterisert si eiga bok Menneskelaboratoriet: Botsfengslets historie som «gjennomsyret av Foucaults perspektiver, men den eksplisitte terminologien hans kastet jeg i dass». Dette til skilnad frå dei som kjem trekkjande med «et teoretisk rammeverk de har lært seg på universitetet og som de tror må være med selv om det ikke har noe med deres eget materiale å gjøre» (sitert i Gundersen, 2009, s. 16).

Skriving som metode

Kva er det då som i tillegg til – og ikkje nødvendigvis i staden for – dei vitskaplege omgrepa produserer ny innsikt? Det er det kontinuerlege strevet etter presisjon i språket og omsorga for uttrykket, heile teksten gjennom. Pålshaugen viser tidleg i boka til det Anders Johansen har skrive om å skriva. I humaniora og mange samfunnsfag er skriving den sentrale metoden, eller «teknologien». Ein skriv ikkje tankane sine rett ut, har Johansen fleire gonger gjort oss merksame på, og alle med ei viss erfaring frå det å skriva akademiske tekstar – frå første års arbeidskrav til doktoravhandlinga – veit at dette stemmer. Snarare er det slik at «tankene oppstår underveis, av selve anstrengelsen med å formulere seg» (Johansen 2009, s. 17).

Avanserte metodar kan vera flotte å arbeida med, men dei kan også gå på tomgang. «Teknisk avanserte metoder kan brukes til å produsere helt trivielle resultater. Fortrolighet med den nyeste teoriutvikling er ingen garanti for at arbeidet skal bli mer enn passe flinkt» (Johansen 2012, s. 11). Kunnskapen må få ei litterær form. Det vil ikkje seia at stilen skal vera «skjønnlitterær» eller gjera bruk av særskilde «litterære» verkemiddel. Det handlar om korleis vi komponerer tekstane våre, korleis vi eksemplifiserer, korleis vi formulerer argumenta våre. Som skrivar arbeider vi heile tida med tekstens form, slik at saka sjølv kjem til uttrykk og blir tydeleg. Målet er at framstillinga gjer ein skilnad.

Litteratur

Gundersen, H. (2009, 2. oktober). Praktisk virkelighet. Morgenbladet, s. 16–17.

Hägg, T. (1997). Jostein Børtnes: Tracing a Scholarly Profile. I I. Lunde og K.A. Grimstad (red.), Celebrating Creativity: Essays in Honour of Jostein Børtnes (s. 1–9). Bergen: UiB.

Johansen, A. (2009). Skriv! Håndverk i sakprosa. Oslo: Spartacus.

Johansen, A. (red.). (2012). Kunnskapens språk: Skrivearbeid som forskningsmetode. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus.

Pålshaugen, Ø. (2018). Kulturvitenskapenes språk: Kritisk vitenskapsteori for samfunnsvitere og humanister. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus.

Kåre Johan Mjør

Én kommentar til “Vitskapeleg metode og akademisk skriving”

  1. I have to thnkx with the endeavours you possess
    put in writing this website. I’m praying exactly the
    same high-grade page submit on your side while in the future even. In actual fact the
    artistic writing skills offers inspired me to obtain my own ring websites presently.
    The writing a blog is undoubtedly distributing its wings rapid.
    Your formulate makes a great illustration showing it all.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *