Visste du at skjermfri sanseteknologi kan være en impuls til estetiske opplevingar i barnehagen?  

Innlegg på BLU-forskingsdag på HVL,

v/ Ingrid Grønsdal

DigiSus-prosjektet (Utvikling av berekraftige praksisar for digital teknologibruk innan språk og estetiske fag i barnehage) er eit NFR-prosjekt som fokuserer på digital kompetanseutvikling i barnehagen. Prosjektet har samarbeidd med University of New York og er knytt til CASE-senteret på FLKI. Prosjektet har etablert eit tett samarbeid mellom 16 tilsette i 8 barnehagar fordelt på  2 kommunar og forskargruppa innan kunst, kultur og kreativitet i BLU på campus Stord. Me har samarbeid tett dei siste 2, 5 åra for å utforska korleis skjermfri digital teknologi kan støtta opp om faglege mål innan dei dei estetiske faga og språkarbeid i barnehagen. Med skjermfri teknologi meiner me i denne samanhengen bruk av Makey Makey og micro:bit som vert programmert i Scratch. Kort fortalt kan dette nyttast til å gi ekstra dimensjonar til objekt og rom, gjennom at barns berøring av objekt eller materiale generer lyd. Til dømes kan eit barn oppleva at det kjem lyd frå ei skål med vatn når det puttar handa si oppi. I dei åtte barnehagane vart det utvikla unike design av dei tilsette, enten som sanserom eller installasjonar. I mange av utviklingane var ei fiksjonsramme viktig for å skapa spenning og engasjement for både barn og tilsette. Her nytta barnehagane enten eige kulturinnhald som utgangspunkt eller skapte nye fortellingar.  Foreløpige analysar av sluttintervju med prosjektdeltakarane viser at dei ser at denne teknologibruken gjev nye mulighetar for samspel og opplevingar for barn, men at den teknologiske kompleksiteten, eller andre omsyn nokon gonger gjer det vanskeleg å integrera i ein hektisk barnehagekvardag.

Her finn du lenke til presentasjonen:

Visste-du-om-DigiSus ?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *