Webinar om berekraftige digitale praksisar innan estetiske fag og språkarbeid i barnehagen, 18.-19.nov 2020

DigiSus-prosjektet arrangerer sluttkonferanse 18.-19.nov 2020 i form av eit webinar på Høgskulen på Vestlandet for å formidla resultata i kompetanseutviklingsprosjektet. Konferansen rettar seg mot praksisfeltet, studentar, tilsette, BLU-utdannarar og forskarar som er interesserte i digital kompetanseutvikling blant tilette i barnehagen og korleis det kan vera med å skapa berekraftige digitale praksisar innan estetiske fag og språkarbeid.

Konferansen vil presentera døme på praksisar, analysar av utviklingar som er gjort og interjvu med prosjektdeltakarane. I tillegg vil det vera interessante keynotes begge dagane. Velkomen til DigiSus-prosjektet sitt sluttwebinar!

Arrangementet er gratis og påmelding skjer her: https://www.hvl.no/kalender/digi-arts-in-kindergartens/

Ingrid Grønsdal, prosjektleiar

Program DigiSus-konferansen 2020

Onsdag 18.november

10:00-10:15 Opning og innramming av webinaret v/prosjektleiar Ingrid Grønsdal

10:15-11:15 Keynote 1: Tove Lafton, OsloMET: Digital danning i barnehagens demokratiske fellesskap

11:15-12:00 Lunsjpause

12:00-13:00 Bakgrunnsinformasjon om prosjektet:

1) Bakgrunn, kartlegging og progresjon i DigiSus-prosjektet (Ingrid Grønsdal) (PDF-fil, Opptak av presentasjon)

2) Den digitale teknologien i DigiSus: Presentasjon av Scratch, Makey Makey og micro:bit (Katrine Borgenvik)

13:00-13:15 Pause

13:15-14:00 Ulike typar DigiSus-utviklingar i barnehagane, del 1:

1) Motiverande fiksjon: Drama som inngang til digitial teknologi? (Kirsti Aksnes)

2) Dei yngste barna i barnehagen møter Makey Makey og micro:bit. (Liv Ingrid Fjellanger)

14:00-14:15 Pause

14:15-15:00 Ulike typar DigiSus-utviklingar i barnehagane, del 2:

3) Samspel mellom digitalt og analogt materiale i DigiSus-utviklingar (Katrine Borgenvik)

4) Bruk av micro:bit i barnehagen sitt arbeid med språk og tekst (Hannah Belsvik Hansen)

5) Erfaringar med å skapa musikalske utrykk og inntrykk gjennom DigiSus-teknologi? (Ingrid Grønsdal)

Torsdag 19.nov

10:00-11:00 Keynote 2: Mari-Ann Letnes, NTNU: Når jeg skaper skapes jeg – estetiske prosesser med teknologi i barnehagen

11:00-11:15 Pause

11:15-12:00 Keynote 3: Ingrid Grønsdal og Magne Espeland, HVL: Kva kan vera berekraftig digital praksis og korleis utvikla kompetanse som støttar det?

12:00-12:45 Lunsjpause

12:45-13:30 Keynote 4: Dr. Alex Ruthmann, New York University: Where do we go next with digital technology in Early Childhood settings?

13:30-14:00 Avsluttande paneldebatt med innspel og opning for spørsmål frå deltakarar og. Problemstilling: Korleis kan ein skapa rom i utdanning og barnehage for fokus på berekraftige digitale praksisar?

Paneldeltakarar: Tove Lafton (Oslo Met),  Mari-Ann Letnes (NTNU), Alex Ruthman (NYU), Magne Espeland (HVL), Vigdis Vangsnes (HVL) og Siri Sollied Madsen (UiT).

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *