Korleis laga barnehagen sitt eige instrument?

Prosjektdeltakarane frå dei åtte barnehagane i Tysnes og Stord fekk på oppstartsamlinga i haust laga sine eigne piano av papp, bobleplast og aluminiumsfolie. Tankene er å laga barnehagen sitt eige instrument eller piano som borna kan få spela på. I tillegg drøfta me dei ulike planane kompetansepara har utvikla for kva dei skal gjennomføra i barnehagen i løpet av hausten. Me set no i gang med det siste semesteret med intenst samarbeid mellom barnehagane og HVL og ser fram til å sjå alt det spennande som skal skapast! I dette innlegget ser det bilete og video frå samling og oppskrift på korleis ein kan laga eit slikt instrumnet som kan koblast til Makey Makey og ferdig program i Scratch.