Telavåg og Glesnes med spanande utviklingsplanar

I Sund kommune vert det i disse dagar bygd ny skule i Spildepollen, og lærarar og elevar frå Telavåg og Glesnes skular skal flytte inn der om eit års tid. Eg har vore på Telavåg skule for å treffe engasjerte lærarar og rektorar som skal arbeide saman med HVL i denne satsinga. «Vi kan kanskje starte med å la elevane på same trinn bli kjent ved å bruke Chromebookane og skrive saman», foreslår nokre av lærarane. Frå før av har vi snakka om å prioritere skriving, og eg skjønar raskt at lærarane har solid fagleg kompetanse.  Fleire av dei har mellom anna arbeidd mykje med Språkløyper.

Vi tar utgongspunkt i skrivetrekanten, og finn ut at lærarane ønsker seg betre kompetanse på fagskriving. Innhaldet kan ha med lokalområdet å gjere, og tilpassast læreplanmål elevane i trinna som skal vere med skal arbeide med. Formålet kan vere å lage ei nettavis for den nye skulen, før skulen er opna. Plutseleg boblar det over av idéar i rommet. Vi har kome fram til planen om eit konkret, felles produkt ein kan ha som sentrum i arbeidet med skriving, og der bruk av digitale verktøy, undervegsvurdering, gode skriveoppgåver, nettvett og opphavsrett er med som naturlege ingrediensar: Ei nettavis. Kva namnet på denne skal vere? –Det lagar skulane ein lokal konkurranse om.

Jon Smidt: www.skrivesenteret.no 

Eg fortel litt om arbeidet med NORM-prosjektet, og korleis vi kan arbeide med kvalitet i elevtekstane. Vi kjem ikkje så langt at vi landar korleis ein skal starte arbeidet med nettavisa heilt konkret på kvart av trinna som er med, men lærarane avtalar å møtest igjen snart for å legge heilt konkrete planar for produktet. I mellomtida vil eg starte på ei liste med faglege tema vi treng å ha som grunnlag, slik at vi bygger alle delar av arbeidet på nyare forsking og læreplanen. Fagfornyinga vil vi sjølvsagt ha med oss når vi planlegg skriveoppgåvene, dessutan bør vel elevane også få vere med å bestemme korleis avisa skal vere?

På nettida vår, www.hvlkompetanse.no, vil vi legge ut tekstar og undervisningsfilmar om relevante emne. For samarbeidet med Telavåg og Glesnes tenkjer eg det blir viktig å ha med noko om å vere skrivelærar, gode skriveoppgåver, samskriving, undervegsvurdering og sluttvurdering, ulike teksttypar i faga, skriverammer og bruk av digitale verktøy. Kollega Jon Hoem har allereie lagt ut noko om opphavsrett som er særs relevant når vi skal publisere på nett. Eg har ikkje erfaring med å systematisere arbeidet med samskrivne elevtekstar i G-suit, så her er det eg som får lære noko nytt eg kan ta med meg til fagmiljøet mitt. Når det gjeld dette, må vi sjå om vi kan finne andre skular vi kan lære av.

Her kan du sjå bilete av den nye skulen som er under bygging:

http://telavaag.skule.no/index.php?artID=4364&navB=151

Ellen Birgitte Johnsrud

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *