Oppstart på samarbeidet med Landro skule på Sotra

Landro skule ønskjer om å arbeide med lesing i denne satsinga, og då særleg leseforståing og motivasjon for skjønnlitterær lesing. Sigrun Lindås Norhagen og eg reiste ut for å treffe dei to dyktige lærarane og rektor. Det var eit kjekt møte med fokus på digitale verktøy og kunnskapsdeling i personalet. Vi merka fort at dei to lærarane har høg digital kompetanse, og at vi derfor skal bruke litt tid på å bli kjent med dei og klassane deira før vi legg detaljane på plass. Skulen er heilt nyoppussa, men nybygg og nye leikeapparat i skulegården.

Veka etter dette møtet reiste eg ut for å observere i begge klassane, ein på 3. og ein på 5. trinn. Elevane her har kvar sin Chromebook. Det var lett å merke at dei var vane med å bruke maskinen til skulearbeidet, og det var gode innarbeidde rutinar for klasseleiing i det digitale klasserommet. 5. klassen hadde leseleksa digitalt, og eg kunne sjå med eigne auge at dette var uproblematisk for nokre, medan andre kunne bli litt distrahert av eigen skjerm når det var fokus på SmartBoarden framme i klasserommet. Læraren hadde gode knep for å kontrollere at alle gjorde det dei var bedne om. Eg lærte at det ikkje er så praktisk å be elevane legge ned skjermen, for om det tar for lang tid før dei tar han opp, må dei logge på ein gong til. Slike ting er det viktig at vi tar med i planlegginga når vi skal innarbeide gode rutinar for digitalt skulearbeid på heile skulen. Klassen hadde fått eit 14-dagars prøveabonnement på Lesemeister. Eg fikk observere korleis dei kom i gang med dette, og no skal det blir spanande å sjå om denne appen kan bidra til motivasjon for lesing.

Første trinn starta timen med å sjå på bilete frå ein tekst i den digitale norskboka deira på Smartboarden og arbeide med førforståing i klassesamtale. Deretter las dei teksten kvar for seg og øvde på å markere vanskelege ord i teksten på brettboka til Salto. Her var dei gode til å ta «superblikk» og nytte lesestrategiar. Læraren hadde ein imponerande rask teknikk for å skifte frå liten til stor tekst på Smartboarden, noko vi drøfta etter at timen var slutt. Det er slik at elevane har abonnement på digital bok, men sjølvsagt ikkje på smart tavle. Det dumme med dette er at dei ikkje kan få teksten like stor som den kan bli på tavla, og utsnittet er litt annleis.

Eg er sikker på at vi kjem til å fortsetje å diskutere kva som er best av lesing i digitalbok og i papirbok og sjå på korleis vi kan nytte dei ulike nettressursane og læremidla best mogleg når det gjeld lesing. Vi skal også arbeide med den nye læreplanen og korleis vi kan skape aktiv læring og dybdelæring med lesing i fokus. Om lag ein tysdagsettermiddag i månaden har dei to lærarane opplæring i ulike sider ved  det digitale klasserommet for resten av kollegiet ved skulen. På nettsida gruppa på HVL har laga i samband med satsinga, www.hvlkompetanse.no , vil vi leggje inn nyttige tema som kan passe inn i utviklingsarbeidet ved Landro skule, til dømes om klasseleiing i det digitale klasserommet, digital didaktisk design og om motivasjon for lesing. Vi er heldige som får lov til å kome inn i klasserommet og observere dyktige lærarar. Desse erfaringane vil vi ta med oss tilbake til kollegiet ved HVL.

Ellen Birgitte Johnsrud

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *