Oppstart ved Sund ungdomsskule

I januar drog Andrea Eikset og Ellen Birgitte Johnsrud til Sund Ungdomsskule for å treffe rektor Sølvi og dei to lærarane Roger og Anne Maren. Vi var så heldige å få observere i klasseromma på 8. og 9. trinn nokre av timane deira denne dagen. Det er gull verd for oss å sjå korleis undervisinga med digitale verktøy kan sjå ut, for det er mykje ein ikkje kan lese seg til i ei bok. I engelsk hadde Roger lese inn engelsk lydfil om London til elevane, ut ifrå tekstar i ulik vanskegrad, noko som elevane sette pris på å bruke som øving før dei skulle lese tekstane høgt for kvarandre. I matematikk fekk elevane repetisjon i Geometri og innføring i verktøyet «GeoGebra». Her oppstod utforskande matematiske samtalar mellom elevane i undersøkinga av vinkelsum i vilkårlege trekantar. – Først er det 180 grader, så er det 900 grader!

Glimt frå gangen på ungdomsskulen. Det er ikkje berre digital kunst her!

I begge klassane let vi oss imponere av tydeleg klasseleiing, der elevane kom raskt i gong og brukte maskinane sine til det læraren hadde sagt og ikkje noko anna, med unntak av ein elev som slo opp ord i Google translate under læringssamtalen om vanskelege ord i tekstane. Dette oppdaga læraren raskt, og han fekk demonstrert kvifor dette ikkje er ei god kjelde når eleven svarte at «pike» var «gjedde» på norsk, og ikkje «spyd». – Underleg å sette avkappa hovude på gjedde..  Etter timane fekk vi, saman med lærarane, diskutere korleis ein kan bruke verktøya på best mogleg vis, kva som er utfordringane og kva lærarane tenkjer om vegen vidare. Blant anna planla Roger å bruke filmverktøyet i «Creaza» under temaet London. Vi gler oss til å sjå resultatet når vi kjem tilbake i starten av februar.

 

Bilete frå Google Classroom, språkfag.

På Sund ungdomsskule vil lærarane gjerne spisse satsinga mot matematikk og engelsk. Vi har også snakka om å sjå på om det er nokre grunnleggande digitale ferdigheiter skulen ynskjer at elevane har når dei startar i 8., og om vi kan samarbeide med barneskulane i området om å lage ein oversikt over det.