Utval skal foreslå ny eining for fornying av læring og undervisning*

OU-prosjektet «Digitalisering» tilrådde i sin sluttrapport at HVL bør etablere ei ny «Eining for utvikling av undervisning og læring». Gunn Haraldseid er utnemnd som leiar for utvalet, som har sett seg føre å levere forslag til rektor før sommarferien.

Utvalet har fått i mandat å føreslå namn på eininga, visjon og mål, aktivitet, organisering, styringsform og bemanning.

– Eg er heldig som får vere leiar for eit så spennande utviklingsarbeid. Dette er noko eg veit mange i høgskulen har ynskt seg lenge. Høgskulen har mange høgt digitalt kompetente fagmiljø og tilsette på alle nivå i organisasjonen, men det er trong for ei eining som kan samordne aktivitetane og syte for heilskapleg støtte og koordinering på tvers av campus og fag, seier Gunn Haraldseid.

Strategisk forankring

– I tillegg er det viktig at eininga sine aktivitetar vert strategisk forankra. No har me sjansen til å leggje eit campusovergripande perspektiv på arbeidet med nye lærings- og vurderingsformer og kople det mot UH-pedagogikk og læringsforsking. Det vil føre til at høgskulen arbeider meir systematisk med auka kvalitet i undervisninga og auka læringsutbytte for studentane.

Studentane forventar meir digitalisering

– Studentane forventar at høgskulen ligg i front fagleg og pedagogisk såvel som teknologisk. Dei ynskjer å stå att med høg profesjonsfagleg digital kompetanse etter fullført utdanning, noko samfunnet og etterspør. For å kunne gje dei det må vi samarbeide og leggja til rette for at dei tilsette ved HVL utviklar eigen kompetanse i samspel med studentane.

Rask leveranse

Utvalet hadde sitt første møte i byrjinga av april og skal arbeida raskt.
– Me har som mål å levere eit forslag til rektor før sommarferien. Me skal ta oss tid til å ha gode prosessar for å få innspel frå eigen organisasjon samtidig som me innhentar kunnskap og røynsle frå andre institusjonar i inn- og utland og lærer av dei som har lukkast best.

Ynskjer innspel

Utvalet ynskjer innspel og tilbakemeldingar undervegs frå tilsette og studentar. Difor legg dei opp til ei open prosess med fleire moglegheiter for dette.

Det vert blant anna innspelsmøter på kvar campus 25. mai kl 9-11. Sjekk kalenderen på Vestibylen for detaljar. Ta gjerne kontakt med nokon i utvalet om du har noko du vil formidla til oss eller veit om eit fagmiljø du tenker vi bør ha eit dialogmøte med.

– Me ser fram til å få gode innspel og tett dialog med tilsette og studentar på alle campus i det vidare arbeidet, seier Gunn Haraldseid optimistisk.

Utvalet

Dette er medlemmane i utvalet:

  • Gunn Haraldseid, leiar
  • Aslaug Grov Almås, OU-prosjektet digitalisering
  • Gjert Anders Askevold, (FF), vara for HTV
  • Borgtor Bøyum, FHS
  • Brit Julbø, FIN
  • Ingrid Arnesen Råheim Grønsdal, (UF) HTV
  • Solveig Råheim Grønsdal, sekretær
  • Turid Bogetvedt Hitland, Biblioteket
  • Benjamin Johan Madsen, vara for studentar
  • Tjalve Gjøstein Madsen, FLKI
  • Morten Morlandstø, Senter for nye medier
  • David Earle Parmentier, Canvas prosjektet
  • Inger Beate Pettersen, FIN
  • Jonas Hagesæther Røthe, student
  • Dorthea Sekkingstad, FLKI
  • Johanne Marie Trovåg, FØS
  • Frida Bjørlo Øien, student
  • Knut Erling Øien, IT
  • Katrine Åsekjær, FHS

*Publisert fyrste gong 23. april 2018 som nyhendesak på høgskulens intranett Vestibylen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *