Kom med innspel til utforminga av eining for utvikling av undervisning og læring!

Arbeidsgruppa ynskjer at alle skal ha mogelegheiten til å gje sine innspel til dette arbeidet, så difor har dei laga ei spørjeundersøking der dei ber om innspel til kva arbeidsoppgåver eininga skal ha, korleis eininga skal få til eit godt samarbeid med fagmiljøa, og korleis eininga sitt arbeid skal vere organisert på campusane og på tvers i HVL.

Fristen for å svare på undersøkinga er 19.mai.

Lenke til undersøkinga via intranett.

Vi søker ein engasjert og kunnskapsrik leiar til eininga!

Stillinga som leiar av eining for utvikling av undervisning og læring er no utlyst. Leiaren skal ha det faglege ansvaret for kontinuerleg utvikling av eininga og dei oppgåvene den skal ha ansvar for. Leiaren skal og ha ansvar for å følgje opp dei økonomiske og administrative sidene ved eininga og ha personalansvar for tilsette i eininga. Leiaren skal aktivt søke samarbeid med eksterne partnarar og ha oversikt over nasjonale føringar i sektoren og internasjonal utvikling av dette feltet. Leiaren av eininga skal ha særskilt fokus på å skape gode samarbeidsrelasjonar internt i HVL, både med fagmiljøa og tilgrensande administrative einingar.

Les meir om stillinga.

Fristen for å søke er 19.mai