Vi søker ein engasjert og kunnskapsrik leiar til eininga!

Stillinga som leiar av eining for utvikling av undervisning og læring er no utlyst. Leiaren skal ha det faglege ansvaret for kontinuerleg utvikling av eininga og dei oppgåvene den skal ha ansvar for. Leiaren skal og ha ansvar for å følgje opp dei økonomiske og administrative sidene ved eininga og ha personalansvar for tilsette i eininga. Leiaren skal aktivt søke samarbeid med eksterne partnarar og ha oversikt over nasjonale føringar i sektoren og internasjonal utvikling av dette feltet. Leiaren av eininga skal ha særskilt fokus på å skape gode samarbeidsrelasjonar internt i HVL, både med fagmiljøa og tilgrensande administrative einingar.

Les meir om stillinga.

Fristen for å søke er 19.mai

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *