Mandat

Mandat frå rektor 27.02.2018:

Utval for etablering av «Eining for utvikling av undervisning og læring»

Bakgrunn

OU-prosjektet «Digitalisering» har i sin sluttrapport anbefalt etablering av «Eining for utvikling av undervisning og læring». Rektor ynskjer på bakgrunn av dette å setja ned eit utval som skal følgja opp anbefalinga.

Mandat

Utvalet skal:

  • Foreslå namn på eininga, på nynorsk og engelsk.
  • Foreslå visjon og mål for eininga.
  • Vurdera innhaldet i eininga, kva kompetanse som trengs og grensesnitt mot andre i tenester i HVL
  • Vurdera korleis eininga best kan organiserast og leggja fram eit eller fleire forslag til organisering slik at eininga vert organisert på ein måte som bidrar til institusjonsbygging på tvers av fakultet og campus.
  • Vurdera leiing- og styringsform
  • Foreslå grunnbemanning og kompetanse som trengs.

Arbeidsform og tidsperspektiv
Det vert snarast etablert eit utval med brei representasjon på tvers av fakultet og campus, samt frå eksisterande einingar i HVL som kan ha grensesnitt mot den nye eininga. Ein mindre del av utvalet utgjer ei arbeidsgruppe.

Arbeidsgruppa skal bestå av 5-7 personar og ha brei kompetanse og erfaring med utvikling av undervisning og læring, inkludert bruk av digitale verktøy til utvikling av undervisning og læring, samt forsking på undervisning og læring. Arbeidsgruppa hentar innspel frå resten av utvalet etter ein oppsett plan og frå andre ressurspersonar etter behov.

Arbeidsgruppa legg, på vegne av utvalet, så snart som mogleg fram forslag for strategisk leiargruppe til kortsiktig løysing for samling av eksisterande fagmiljø som kan tenkast inn i den nye eininga. På lenger sikt kan dette fagmiljøet bidra med erfaring som kan nyttast i endelege vedtak om organisering av eininga.