Mål, innhald og aktiviteter

Mål og oppgåver

Mange institusjonar i UH-sektoren har etablert liknande einingar som den som vert drøfta i denne rapporten. Det varierer noko frå eining til eining korleis mål og oppgåver vert definert. Forslaget under er hovudsakleg bygd på dei to digitaliseringsrapportane til HVL, samt inspirasjon frå dei to rapportane frå UiO. I tillegg har arbeidsgruppa har dialogmøte med USN, UiB og NTNU om korleis deira einingar er organisert.

Eininga EDU har 4 arbeidsområde knytt til undervisning og læring ved HVL:

  • Kunnskaps- og kompetanseutvikling (medverke til kompetanse i alle ledd)
  • Prosesstøtte (støtte til planlegging og gjennomføring)
  • Tenester (tilby verktøy og drive støtteaktivitetar)
  • Strategistøtte (støtte til leiinga)

1.  EDU skal arbeide systematisk med kunnskaps- og kompetanseutvikling for å vidareutvikle utdanningskvalitet ved HVL. Ein skal legge til rette for studentaktiv læring, bruk av teknologi i utdanningane og utvikling av fleksible utdanningstilbod.

Oppgåver:

  • Utføre, evaluere og gje støtte til koordinering av utviklingsprosjekt retta mot studentane sitt læringsmiljø, grunnleggjande akademiske ferdighetar og læringsutbytte
  • Tilby prosesstøtte i utvikling av undervisning og læring.
  • Tilby tenester og rådgjeving i bruk av teknologi i undervisning og læring
  • Utvikle og koordinere støtte for tilsette og studentar innan informasjons- og mediekompetanse
  • Syte for organisasjonslæring ved å etablere arenaer og nettverk for utveksling av systematisk kunnskap og erfaringar, samt synleggjere sektoren sine tiltak og aktivitetar på feltet
  • Inspirere, motivere og initiere til utvikling av eiga undervisning og spreie gode døme både nasjonalt og internasjonalt på framtidsretta pedagogiske mogelegheiter.
  • Arbeide med innovasjon i utdanningane ved å tilby utprøving av ny metodikk og læringsteknologi saman med studentar i trygge omgjevnader

 

2.  EDU skal leggje til rette for utdanningsfagleg kompetanseutvikling[3]. Slik kompetanse omfattar UH-pedagogikk og didaktikk og inkluderer kompetanse til å utnytte digital teknologi i læringsarbeidet.

Oppgåver:

  • Tilby høgskulepedagogikk og anna utdanningsfagleg kompetanseutvikling
  • Synleggjere og koordinere informasjon om pågåande aktivitet relevant for kompetanseutvikling knytt til utdanningskvalitet, utdanningskvalitetsarbeid, undervisning og læring
  • Arbeide med å innføre pedagogiske meritteringsordninger ved HVL

 

3. EDU skal vere ein pådrivar for kontinuerleg  forskings- og utviklingsarbeid i utdanningane.

Oppgåver:

  • Gjennomføre, koordinere og formidle forsking på undervising og læring i høgare utdanning
  • Delta i følgeforsking og evaluering av HVL sine eigne satsingar

4.EDU skal vere eit rådgjevande organ for høgskuleleiinga i det strategiske arbeidet mot å utvikle eit tidsriktig og innovativt universitet.

Oppgåver:

  • Senteret vil ha ei pådrivarrolle for kvalitetsutvikling i utdanning ved å foreslå nye institusjonelle satsingar. Slike satsingar kan føre til nye oppgåver for senteret (t.d. kurs i utdanningsleiing, læringsanalyse, utgreiings- og analysearbeid).