Om utvalet

Bakgrunn

Eit utval leverte i juni 2018 ein rapport til strategisk leiargruppe ved HVL som tilrådde oppretting av ei eining for utvikling av undervisning og læring. Denne tilrådinga vart støtta av strategisk leiargruppe og ei prosjektgruppe sett ned. Prosjektgruppa sine oppgåver er:

  1. Ansvarsfelt og organisatorisk løysing for eininga
  2. Bemanningsbehov, inkludert kva kompetanse som må inngå i eininga
  3. Forholdet mellom denne eininga og einingar med tilgrensande oppgåver ved HVL
  4. Ei stillingsutlysing for leiarfunksjonen i den nye eininga

Prosjektgruppa skal lage ein rapport som skal leggast fram for styret i juni. Det er styret som formelt sett opprettar eininga.

 

Eininga

I rapporten vert det tilrådd at eining for utvikling av undervisning og læring  (Teaching and Learning Centre på engelsk) skal vere i linje under prorektor for utdanning. Eininga skal vere organisert virtuelt som ei fellesteneste, og skal vere fysisk tilgjengeleg på kvar campus. Eininga skal ha eit sterkt fokus på samarbeid med fakultet/institutt/fagmiljø, og ha ei koordinerande og strategisk rolle på institusjonsnivå.

  • Eininga skal arbeide systematisk med kunnskaps- og kompetanseutvikling for å vidareutvikle utdanningskvalitet ved HVL. Ein skal legge til rette for studentaktiv læring, bruk av teknologi i utdanningane og utvikling av fleksible utdanningstilbod.
  • Eininga skal leggje til rett for utdanningsfagleg kompetanseutvikling. Slik kompetanse omfattar UH-pedagogikk og didaktikk og inkluderer kompetanse til å utnytte digital teknologi i læringsarbeidet.
  • Eininga skal vere ein pådrivar for kontinuerleg forskings- og utviklingsarbeid i utdanningane.
  • Eininga skal vere eit rådgjevande organ for høgskuleleiinga i det strategiske arbeidet mot å utvikle eit tidsriktig og innovativt universitet.

 

Prosjektgruppa

Xavier Paul Bonete – Senter for nye medier

Anne Kristin Rønsen – FLKI

Aasmund Kvamme – FIN

Knut Steffen Vall Kvala –  FØS

Sissel Johansson Brenna – FHS

Knut Erling Øien – Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering

Solveig R. Grønsdal – prosjektleiar

 

Styringsgruppa

Avdeling for kommunikasjon og samhandling

Ingvild Brekke Myhre

Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering

Wiggo Hustad

Avdeling for arealforvalting, drift og utvikling

Øivind Henne

Avdeling for utdanningskvalitet

David Parmentier

Bibliotek

Turid Bogetvedt Hitland

Fakultet for helse og sosialvitskap

Anne-Grethe Naustdal

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Brit Julbø

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Gunn Haraldseid

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Johanne Marie Trovåg

Senter for nye medier

Morten Morlandstø

Studentrepresentant

Silje Kaalaas

Vara studentrepresentant

Jonas Hagesæther Røthe

Tillitsvald

Reidun Stavland

Leiar av styringsgruppa

Bjørg Kristin Selvik