Teknologi vs natur – nytt halvdagsseminar

Kapittel 1 i regjeringa si nye klimamelding har overskrifta «kutte klimautsleppa, ikkje utviklinga». 
Meldinga uttrykker tydeleg at grøne løysingar må løne seg, og at ny teknologi kan skape grøn vekst som reduserer utslepp og klimafotavtrykk. Noreg skal velje løysingar som er bra både for klimaet og naturen fordi «tapet av natur og økosystem kan gjere det vanskelegare å skaffe mat til eit veksande folketal «(s 14). 
Gjennom framlegg og diskusjoner spør vi: 
Kan vekst og teknologiutvikling drive fram et betre samfunn og berge oss frå sult, katastrofer og krig, eller vil ei slik haldning vere det som øydelegg oss? Uttrykkjer klimameldinga eit antroposentrisk verdisyn som eigentleg er sjølve årsaka til klimaendringar og tap av naturmangfald, eller er det nettopp ny teknologi, ny infrastruktur, nye smarte løysingar som vil redde naturen og naturmangfaldet i tillegg til oss sjølve? 

Dette vepsebolet ønsker vi å stikke handa inn i på eit halvdagsseminar i forskargruppa Utdanning for Bærekraft onsdag 12. mai. Nils Petter Hauan frå VilVite og Hein Berdinesen frå HVL, Stord vil halde innlegg der teknooptimistisk og økosentrisk syn på berekraft vil bli presentert. Vår professor 2, Jorunn Spord Borgen, USN vil presentere kva for haldningar og spenningar som er uttrykt når OECD skildrar korleis utdanninga skal møte framtidas utfordringar i deira rammeverk for utdanning 2030. «The future of education and skills». Og så ønsker vi sjølvsagt engasjerte bidrag i ein god diskusjon der alle deltek.

Interessert, men har ikke fått innkalling? Kontakt Idar Mestad eller Marianne P. Heggen