Invitasjon til skipinga av Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie
Grunnlaget for å etablere ei Vestlandsk forskargruppe for eigedomshistorie:
Målsetjinga med forskargruppa er å fremje kunnskap om eigedomshistorie. Eigedomshistoria har mange utgangspunkt og vel så mange avvik frå utgangspunkta.
Ved å samle dei som er kunnige innafor emnet, men i tillegg har ei særskilt interesse for eigedomshistorie, vonar me at gruppa kan verte ei viktig fagressurs for deltakarane og på sikt også samfunnet elles. Eigedom er eit tema som i dag meir eller mindre direkte påverkar dei fleste. Forskargruppa si verksemd skal gje vesentlege bidrag til dei som treng kunnskap om eigedomshistorie i sitt virke eller har spesielle interessefelt som slektsforsking m.m. og skal vidare bidra til auka rettstryggleik kring eigedomsrettslege spørsmål. Eit anna siktemål er å engasjere studentar innafor fleire fagretningar til å sjå nytta av eigedomshistorisk kunnskap i deira utdanning – sjølv i dag er eigedomshistorie eit langt meir aktuelt tema enn mange trur.
Det sentrale for gruppa er deltakarane sitt engasjement og interesse kring eigedomshistorie. Dette gjev grunnlag for følgjande framlegg:
- Forskargruppa vert delt i to nivå, dei som er hovudmedlemmer, og dei som er passive medlemmer. Det finst inga krav til dei som ynskjer å vera passive medlemmer av gruppa. Hovudmedlemmene må ha stor interesse for eigedomshistorie, tileigna anten gjennom teori eller praksis, og ønskja å aktivt bidra til forskargruppa sine aktivitetar. .
- Det skal ikkje leggjast opp til omfattande møteaktivitet kor det vert forventa alle medlemmane bør delta. Me freistar å ha ei samling i semesteret kor dei som kan delta kjem, elles vil det meste av aktiviteten i gruppa gå føre seg i digitale rom.
- Utover å ikkje trøytte ut deltakarane med samlingar, byggjer det digitale aspektet ved gruppa på tre grunnlag; å redusere klimaavtrykket, eit ynskje om å krinse arbeidet i forskargruppa inn mot primærkjeldene og å vera eit nyskapande bidrag til korleis framtidas forskargrupper kan/bør organiserast.
- Den digitale plattforma skal vera tilgjengeleg via nettsida. Her skal det leggjast til rette for at den einskilde kan dele kjelder, ha diskusjonar innad i gruppa, ha høve til å halde nettbaserte føredrag, og tilrettelegging for opptak av podcaster/digitale føredrag som seinare kan gjerast tilgjengeleg på ein del av sida som er ope for alle interesserte. Nettsida ligg under Kommunikasjonsavdelinga ved HVL. Me vil også involvere Senter for nye media ved HVL og Dragefjellet lærings- og formidlingssenter ved UiB i det vidare arbeidet med plattforma og digital formidling.
- Ei von er at det å nytte seg av ei digital plattform kan gjere førebuinga til, og gjennomføringa av, føredrag til noko anna enn dei klassiske føredraga me elles ser i dagens forskargruppar. Til dømes kan ein sjå føre seg at føredragshaldar legg ut relevante primærkjelder, gjerne med markeringar ved det som er vesentleg, i forkant av føredraget. Saman med eit notat om kva føredraget drøfter, og kva og kvar i primærkjeldene problemstillingane gjeld og er henta frå, vil kvar og ein kunne gjere vurderingar som:
– Er tema interessant eller relevant ut frå mi kunnskap/mine interesser? Om ikkje, er det noko eg skal prioritere å bruke tid på om kvardagen elles er travel.
– Dette er noko eg ikkje kan mykje om, men det fenger interessa mi og eg vil difor høyre på føredraget, med eller utan å sjå meir nøye på dokumentasjonen på førehand.
– Dette er noko eg finn særskilt interessert, og eg vil difor gå djupare inn i dei vedlagte primærkjeldene enn ein vanlegvis får høve til ved føredrag, og kanskje ynskjer eg også å legge ut nokre eigne kjelder knytt til mi eiga erfaring frå undersøkingar av liknande kjelder
– Føredragshaldaren kan også kome med ynskjer om innspel kring delar av kjeldemateriale, kan hende me saman klarar å knekke nøtta?
Med eit ope sinn vil me kunne hauste mange erfaringar og god lærdom i tida som kjem.
Forslag til hovudmedlemma i forskargruppa:
Skipinga av gruppa er eit initiativ frå engasjerte forskarar frå HVL og UiB. Per dags dato er Børge Aadland, Jørn Øyrehagen Sunde, Ernst Nordtveit, Geir Atle Ersland, Per Kåre Sky, Leiv Bjarte Mjøs, Silje Een De Amoriza, Yngve Nedrebø, Arne Solli, Søren Koch og Lars Kvestad med på laget, medan fleire av dykk på lista nedfor er informert om at det kjem til å kome ei invitasjon.
Me har no sendt ut ei invitasjon til:
- John Ragnar Myking
- Edmund Bolstad
- Guttorm Rogdaberg
- Roald Helgesen
- Ingrid Myrstad
- Mads Langnes
- Frode Halvorsen
- Erling Berge
- Håvard Steinsholt
- Roger Stelander
- Roald Hopsnes
De vert invitert på bakgrunn av dykkar kunnskap kring eigedomshistorie, og dersom de i tillegg kjenner at de har ei interesse av å delta i gruppa, er de hjarteleg velkomne. Vidare, om de kjenner til fleire som burde verta invitert, så er det fritt fram å kome med forslag. Men for å sikre at gruppa held eitt visst aktivitetsnivå, er det ei viktig grunnføresetnad at dei som skal delta som hovudmedlem også skal ha ei særskilt interesse knytt til eigedomshistorie utover kunnskap om emnet. Alle andre er som nemnt velkomne til å følgje arbeidet til forskargruppa via ei nettside kor delar av arbeidet og informasjonen me samlar saman i vårt arbeid vert ope tilgjengeleg for alle interesserte.
Utover desse er det sendt ei invitasjon til:
- Knut Martin Tande ved Dragefjellet Lærings- og formidlingssenter
- Morten Morlandstø ved Senter for nye medier
Dei vil kunne kome med viktige innspel kring det digitale aspektet i forskargruppa.
Vil du vera med?
Gruppa vert enn så lenge administrert av Lars Kvestad. Korleis me organiserer den i framtida, vert eitt spørsmål me tek når gruppa er meir oppe og går. Dersom den vert ei realitet, er det ynskjeleg med ei fysisk samling ein gong i løpet av våren 2019. Her kan me drøfte så vel tema, innhald på den fysiske plattformen, kva de einskilde ser føre dykk kan kome ut av arbeidet i gruppa m.m. Den tid den glede.
Dersom du kjenner at dette er noko du ynskjer å delta på, er det veldig kjekt. Det fyrste me ynskjer av dykk er då nokre linjer om dykkar kjennskap til eigedomshistorie og kva delar av eigedomshistoria de særskilt interesserer dykk for. Teksten dykkar vert lagt ut på personsida, sjå gjerne på døma som allereie ligg der under fanen “Deltakarar”. Send så teksten til Lars Kvestad som vil gje deg varig tilgang til nettsida, legge ut teksten under deltakarar og halde deg oppdatert om kor tid me eventuelt samlast i løpet av våren 2019. Høgskulen på Vestlandet vil sørgje for møterom og lunsj i høve skipingsmøte. For dei av dykk som ikkje har høve til å delta fysisk, vil me sjølvsagt leggje til rette for digitalt oppmøte.
Me ser fram til å treffast når den tid kjem!