Nytt treff for deltakarane i VFE den 16.10.19

Neste samling er sett til onsdag 16.10. Me treffest ved hovudinngangen på HVL som sist og går saman til møterommet. Det kjem ein mail med naudsynt info når det nærmar seg.

Som sist vert det lunsj, og eg lyt difor ha ei formeining om kor mange som kjem. Gje gjerne beskjed på mail til Lars Kvestad med om du kjem. Gje då òg gjerne beskjed om ev. allergiar e.l.  Av omsyn til matbestillinga er lyt ein melde si interesse innan kl. 14 den 11.10.19. 

Tema for dagen: 

  • Introduksjon av deltakarane og kva særskilde interesser innafor eigedomshistorien dei har no og kva dei har jobba med tidlegare.
  • Etablering av ein database av interessante spørsmål som burde undersøkjast nærare, så vel generelle eigedomshistoriske spørsmål som konkrete eigedommar.
  • VFE-seminar våren 2020 (hugs gjerne å fylle ut spørjeskjemaet i mailen som vart sendt ut den 7.9.19 om dette).

Legg att eit svar