Prosjekt

Etterkvart som gruppa har vorte etablert, kan det verte aktuelt i iverksetje somme prosjekt. Desse kan involvere alle eller berre nokre av deltakarane. På denne sida kan me lage ei inngangsport til dei ulike prosjekta kor ein kan laste opp kjelder, tekstar til gjennomsyn, endelege tekstar etc. 

Bokprosjektet – Utskiftingskartene fra 1821 til 1857.

 

En tidsperiode i som er lite dokumentert er utskiftningene etter 1821-loven. Det gjelder både jordskiftefaglige- og matrikulære forhold i forbindelse med utskiftningene.

Lov angaaende Jords og Skovs Udskiftning av Fællesskab, ble vedtatt 17. august 1821. Etter denne loven skulle utskiftning av sameie og teigblanding i utgangspunktet løses i minnelighet av partene selv. Der man ikke kom fram til minnelig løsning, kunne utskiftning avholdes av en rett som var sammensatt av sorenskriveren og fire skjønns- og takstmenn oppnevnt av fogden.

Utskiftning av jordfellesskap etter 1821-loven fikk ikke så stort omfang mot målet om å avskaffe jordfellesskapet i Norge. En kommisjon ble nedsatt, og arbeidet resulterte i ny utskiftningslovgivning. Det resulterte i lov om Jords og Skovs Udskiftning av 12. oktober 1857.

Det ble ikke gjennomført mange utskiftninger i denne tidsperioden og det ble utarbeidet enda færre kart siden det ikke var noe krav til dette i 1821-loven.

Lenkje til dette prosjektet: 

http://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/prosjekter/bokprosjekt-utskiftingskartene-fra-1821-til-1857/

Urbane eigedomsstrukturar – i kva grad er fortida ein del av notida? 

Dette prosjektet drøftar eigedomsstrukturane i norske bysamfunn; korleis var strukturane, kva var strukturane eventuelt inspirert av, korleis utvikla desse seg over tid og ikkje minst – korleis passar leivnadane av strukturane inn i dagens samfunn?  

Prosjektet har allereie byrja så smått med arbeidet sitt. I oktober 2019 vert det arrangert eit Koren Wiberg-seminar i Bergen som tek opp fleire tema som er direkte relevant for det vidare arbeidet. På sikt er det ei klar målsetjing å utforme ei prosjektsøknad til ei større undersøking av urbane eigedomsstrukturar. 

Lenkje til dette prosjektet: 

http://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/prosjekter/urbane-eigedomsstrukturer/

Kva utfordringar skaper dagens (ufullstendige?) matrikkelsystem. 

Dette er eit overordna tema som kan famne om mange ulike problemstillingar. Ei av  problemstillingane  det kan vera interessant å undersøkje er i kva grad ulike rettslege aktørar legg matrikkelen ukritisk til grunn ved avgjersler kring eigedomsrett, og særskilt dei problemstillingane som kan kome i forlenginga av nokon si ukritiske bruk av matrikkelen ved ei tidlegare avgjersle kring ei eigedom sine grenser e.l. 

Lenkje til dette prosjektet: 

https://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/prosjekter/sporsmal-knytta-til-domstolane-si-ukritiske-bruk-av-matrikkelen-i-eigedomssakar/

Lesing og drøfting av eldre eigedomsdokumentasjon

Det finst etterkvart eit mylder av eldre kjelder som er digitalisert, og dette opnar for ytterlegare kunnskap om eigedomshistoriske forhold. Somme av oss kan ha interesse av å lese og drøfte slik dokumentasjon. 

Lenkje til dette prosjektet: 

https://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/lesing-av-skylddelingsforretningar/

Spanande kjelder som burde undersøkjast

Det vert fleire og fleire primærkjelder tilgjengeleg for kvar dag som går. Spørsmålet er om somme av desse er meir interessante å undersøkje enn andre, og vidare i kva grad nokre av dei kjeldene som vert tilgjengelege gjer det mogeleg å fylle hòl i eigedomshistoria? 

Lenkje til dette prosjektet: 

https://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/prosjekter/spandande-kjelder-som-burde-undersokjast/

Det norske grensemerkeprosjektet

Rundt omkring i Noreg finst det enormt mange grensemerker, og dei har ganske så ulike utforming. Statens Kartverk har prøvd å sette dei ulike variantane i eit system. Ved å gå inn på karttenester som seeiendom.no kan ein sjå kvar på eigedommen ein kan forvente å finne grensemerker, og det finst òg koder som syner kva type grensemerke ein kan forvente finne. 

Skulle ein prøvd å samle inn bilete som syner variasjonane av grensemerketypar? 

Lenkje til dette prosjektet: 

https://blogg.hvl.no/eigedomshistorie/det-norske-grensemerkeprosjektet