Eg har historie bachelor
Som bachelorkandidat er du klar for arbeidslivet, men det kan vere lurt å ta ein master om du vil utvide sjansane dine på arbeidsmarknaden eller dyrke faglege interesser i to år til.
Med historie bachelor må du til eit anna universitet/høgskule for å ta master.
Masterstudium i historie
Historie master er det mest opplagde, og med historie bachelor frå Sogndal kan du byrje på historie master på norske og utanlandske universitet og høgskular. Merk at masterstudium har opptakskrav som du må oppfylle – her må du undersøkje på dei aktuelle studia. Fleire med historie bachelor frå Sogndal har teke historie master ved Universitetet i Bergen.
Me stiller gjerne som medrettleiarar eller hjelper til på anna vis dersom du skriv om eit emne me har kompetanse på (t.d. lokal- eller regionhistorie). Dette må du avtale med institusjonen der du tek master.
Lærarutdanning
Dersom du vil bli lærar, må du ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen av historieutdanninga. Frå 2019 er krav om master for å få byrje på PPU, men når du har teke masteren, kan du byrje på PPU hjå oss i Sogndal.
Andre masergradar
Det finst også andre masterstudium som ein kan byrje på med historie bachelor. Dette er oftast masterstudium som heiter noko anna, men har mykje historie i studiet. Eit døme er mastergrad i kulturmøte (Høgskulen i Volda).
Eg har årsstudium i historie eller samfunnsfag
Årsstudia våre er fine å ta med seg om du har eit anna bachelorstudium. På mange bachelorstudium er det mogleg å ta eit anna årsstudium som eitt av tre år i bachelorstudiet.
Ein vanleg kombinasjon i Sogndal er bachelor i idrettsfag supplert med eit av årsstudia våre.