«Skrive seg til lesing»

Auka motivasjon og fleire opningar for tilpassa opplæring med nettbrett i skulen er årsaka til at også disse førsteklassingane har skriveopplæring med nettbrett.På Jong har førsteklassingane skriveopplæring etter STL-metoden («Skrive seg til lesing”), med eit nettbrett mellom hendene.

– Dei knekkjer lesekoden mykje fortare enn tidlegare kull. Og dei produserer mykje meir tekst enn dei gjorde før. Da lærte førsteklassingane éin bokstav i veka. No lærer dei éin om dagen, seier rektor Frode Sømme.

Elevane lærer å skrive bokstavane på nettbrett. Og når dei trykkjer tasten for bokstaven N, så høyrer dei også uttalen.

– Dei høyrer når dei skriv feil. Særleg for framandspråklege er dette undervisningsopplegget heilt genialt, meiner Sømme – som leier ein skule med 20 prosent framandspråklege.

Kilde: IKTsenteret