SoMe-analyse 2. kvartal 2019

Merknad: Der ikkje anna er oppgitt, er alle tal og postar organiske, dvs ubetalte. Postar og tal på betalte aktivitetar i sosiale medium blir ikkje omtalt i rapporten.

Instagram

Målgrupper og følgjarar
• Primærmålgruppene for Instagramprofilen vår er eksisterande og potensielle studentar.
• Vi har 3 436 følgjarar, ei auke på 240 sidan mars. (tal per 5. august)
• Vi har flest følgjarar i alderen 18-24 år (42 %), med aldersgruppa 25-34 år (34 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.

Innlegg

Vi har eit snitt på 0,56 postar per dag. Tar vi vekk helgene, har vi ein postfrekvens på 0,8 per dag. Vi postar bilder frå studiesituasjonar, livet på campus med meir. Noko blir vi tipsa om, andre ting oppsøker vi sjølv.
Nokre av postane med best engasjement i perioden ser vi under. Som i forrige kvartal er to av postane med best rekkevidde bilder vi har fått frå studentar (eit «på bestilling» frå oss, og eit vi har spurd om å få gjenbruke).

Taggen #hvlfolk blir stadig betre innarbeidd, og har så langt blitt brukt i 3 700 innlegg, ein auke på 400 sidan forrige kvartal. Vi brukar i tillegg #hvlutveksling når det er aktuelt, og prøver å få denne innarbeidd blant utreisande studentar (så langt brukt i 357 innlegg). #høgskulenpåvestlandet er ein tagg som ein del studentar og andre har tatt i bruk i det siste, og er brukt i over 600 innlegg.
Stories

Vi har lånt ut Instagramkontoen vår til 12 studentar dette kvartalet (2 utvekslingsstudentar og resten studentar og studentorganisasjonar). Studentane blir bedt om å dele frå studiekvardagen sin gjennom å legge ut i storien vår. Her legg dei ut både film og bilder. Dette fungerer veldig godt, og kvar historie blir i snitt sett av mellom 1500 og 2000 personar.

Trafikk til hvl.no
Instagram har generert 100 sesjonar til hvl.no i perioden. Sidan vi ikkje kvalifiserer for å ha lenker i Instagrampostane våre (det krev 10 000 følgjarar) er det begrensa kor mange klikk vi får til nettsida vår.

Mål for Instagram – status sidan forrige kvartal:

  • Eit innlegg per dag – vi har ein auke på 0,2 % sidan forrige kvartal, og er oppe i 0,8 postar per vekedag dette kvartalet.
  • I større grad plukke og dele bilder studentar har tagga med #hvlfolk.
  • Få god fordeling av bilder frå alle campusar. Framleis ein utfordring på dei campusane der vi ikkje har folk i temaet, og særleg Førde.
  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen. Som på FB er det kanskje ikkje så lett å måle denne, sidan ein ikkje endrar geografisk oppføring sjølv om ein flyttar.

Facebook

Målgrupper og følgjarar

Primærmålgruppene for Facebooksida vår er eksisterande og potensielle studentar. Vi har 14 114 følgjarar, ein auke på 356 sidan forrige kvartal.
Aldersfordeling blant følgjarane våre: Vi har flest følgjarar i alderen 18-24 år (32 %), med aldersgruppa 25-34 år (30 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.

Trafikk til hvl.no

Facebook er også i denne perioden den heilt klart største trafikkdrivaren til hvl.no, med 20 000 økter.

Innlegg, rekkevidde og engasjement

Vi har eit snitt på 1 post per dag (helger inkludert). Sidan vi på Facebook kan planlegge innlegg fram i tid, har vi her oftare poster i helgene.

Dette kvartalet skil seg frå 1. kvartal med at bildepostar har større rekkevidde enn videoar, totalt sett. Dette kan skuldast at vi i mai og juni hadde mange «kullbilder» av utgåande studentar, som gir god rekkevidde. Det er likevel også dette kvartalet videopostar som totalt sett har best rekkevidde.

I perioden produserte vi 6 videoar. Vi hadde mykje gjenbruk av videoar laga tidlegare, relatert til eksamen (ulike eksamenstipsfilmar), campusfilmar og «Det beste med HVL»-filmar. Det å drive gjenbruk fungerer fint, og det er viktig at vi «bygger oss opp» med fleire filmar som vi kan gjenbruke ved hendingar som søknadsperiodar, eksamen og studiestart.

Mål for Facebook framover – status sidan forrige kvartal

  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen: Denne kan bli vanskeleg å følga med på. Studentar endrar ofte ikkje i feltet «bosted» når dei flyttar vekk for å studere. Vi har f.eks 471 følgjarar med Oslo som adresse, men det er stor sannsynlighet for at ein del av dei studerer på ein av campusane våre.
  • Lage korte videoar. Vi laga 6 videoar dette kvartalet, med ei snittlengde på 57 sekund. Vi har altså litt å gå på endå!
  • Vurdere om vi skal ha eiga fb-side for etter- og vidareutdanning. Denne er berre delvis avklart.

Twitter

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for Twitterprofilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 3 900 følgjarar, ei auke på knappe 50 personar sidan førre kvartal.
  • Vi har rundt 70 tweets i perioden.

Trafikk til hvl.no

Twitter har generert 270 økter til hvl.no i perioden.

Som i forrige kvartal skapar innlegga våre lite engasjement, noko som bekreftar det vi skreiv i rapporten for 1. kvartal).

LinkedIn

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for LinkedIn-profilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 29 600 følgjarar, omtrent same tal som i forrige kvartal.
  • Trafikk til hvl.no: LinkedIn har generert 1 483 økter til hvl.no, ei gledeleg auke på nær 200 % samanlikna med første kvartal. .
  • Nær halvparten av følgjarane våre held til i Bergensområdet. Vi ser at vi har flest følgjarar innan bransjen olje og energi, etterfulgt av offentleg forvaltning og høgare utdanning.Innlegg, rekkevidde og engasjementVi har eit snitt på 1 post per dag viss vi ikkje reknar med helg. LinkedIn er i stor grad ein desktop-aktivitet, dvs. at dei fleste besøker LinkedIn i arbeidstida.

    Mål for LinkedIn – status sidan forrige kvartal

Frå å tidlegare stort sett berre dele saker frå medierapporten, vil vi legge ned meir arbeid i å lage innhald for denne kanalen. Vi skal fokusere på aktuell forsking, løfte fram tilsette som er aktive, dele større HVL-arrangement og skape innhald relatert til master og EVU. Her har vi ein veg å gå.

Vi skal

  • få fleire følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen. Her har det ikkje skjedd mykje sidan forrige kvartal.
  • få fleire følgjarar innan bransjar vi er store på, som helse og utdanning. Status som over.
  • auke tal eksponeringar og engasjement. Dette har vi for så vidt lukkast med, men det skuldast at toppinnlegget dette kvartalet fekk spesielt god respons.

YouTube

På YouTube lastar vi opp filmane våre, men produserer ikkje innhald på same måte som i dei andre kanalane. Vi har oppretta spelelister for campusane våre, studietilbod osv.

Målgruppe
Målgruppa er potensielle studentar. Vi har 160 abonnentar på kanalen vår, ein beskjeden auke på 14 personar sidan forrige kvartal Det viktigaste på YouTube er å ha relevante søkeord på videoane våre, slik at vi blir synlege ved aktuelle søk.

Trafikk til hvl.no

YouTube har generert 345 økter til hvl.no, ein stor nedgang frå 1 570 i 1. kvartal (merk at tala her inkluderer betalt annonsering). Ein forklaring her er at vi fram til 15. april hadde ei rekke betalte kampanjar på Youtube som genererte ein del trafikk.

Mål for YouTube framover – status sidan forrige kvartal:

  • Gå gjennom videoar og passe på at aktuelle søkeord er lagt inn. Dette er no gjort for alle studierelaterte filmar. I neste kvartal blir det interessant å sjå om andelen som kjem til videoane våre gjennom Yotube-søk har auka som ein konsekvens av dette.

SoMe-analyse 1. kvartal 2019

Instagram

Målgrupper og følgjarar

  • Primærmålgruppene for Instagramprofilen vår er eksisterande og potensielle studentar.
  • Per 31. mars har vi 3 196 følgjarar.
  • Vi har flest følgjarar i alderen 18-24 år (44 %), med aldersgruppa 25-34 år (33 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.
  • Nær halvparten av følgjarane våre held til i Bergensområdet.

Innlegg

Vi har eit snitt på 0,4 postar per dag. Tar vi vekk helgene, har vi ein postfrekvens på 0,6 per dag. Vi postar bilder frå studiesituasjonar, livet på campus med meir. Noko blir vi tipsa om, andre ting oppsøker vi sjølv.

Nokre av postane med best engasjement har vi «lånt» frå studentar.

Taggen #hvlfolk blir stadig betre innarbeidd, og har så langt blitt brukt i 3 300 innlegg. Vi brukar i tillegg #hvlutveksling når det er aktuelt, og prøver å få denne innarbeidd blant utreisande studentar (så langt brukt i 317 innlegg).

Stories

Vi har lånt ut Instagramkontoen vår til 15 studentar frå januar til mars. Studentane blir bedt om å dele frå studiekvardagen sin gjennom å legge ut i storien vår. Her legg dei ut både film og bilder. Vi har hatt studentar frå alle campusar, og fleire utvekslingsstudentar. Dette fungerer veldig godt, og kvar historie blir i snitt sett av mellom 1500 og 2000 personar.

Trafikk til hvl.no

Instagram har generert 440 sesjonar til hvl.no i perioden.

Mål for Instagram framover

  • Eit innlegg per dag
  • I større grad plukke og dele bilder studentar har tagga med #hvlfolk.
  • Få god fordeling av bilder frå alle campusar.
  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.

Facebook

Målgrupper og følgjarar

  • Primærmålgruppene for Facebooksida vår er eksisterande og potensielle studentar.
  • Vi har 13 750 følgjarar per 31. mars, og følgjarmassen aukar jevnt.
  • Vi har flest følgarar i alderen 18-24 år (34 %), med aldersgruppa 25-34 år (29 %) som neststørste gruppe. 73 % er kvinner, 27 % menn.

Innlegg, rekkevidde og engasjement

Vi har eit snitt på 0,9 postar per dag. Tar vi vekk helgene, har vi ein postfrekvens på 1, 3 per dag. Vi ser tydeleg at eigne videoar er det som gir best rekkevidde og engasjement, nesten dobbelt så mykje som innlegg med bilder.

Rekkevidde = Tal personer som har fått vist innlegg frå sida vår på skjermen sin.
Reaksjonar = likarklikk, kommentarar og delingar.

Blant topp 5-postane kjem video øvst. Det er gledeleg at to kronikkar frå studentar kjem på 4. og 5. plass.

I perioden produserte vi 18 videoar. Tal frå Facebook (universelt) seier at tida ein brukar på å sjå ein video i snitt ligg på 8 sekund, og det stemmer godt overens med våre tal.

På dei fem videoane  som blei sett av flest i perioden, her klarte vi å komme over 8 sekund. Vi blir likevel utfordra på å klare å lage korte nok filmar.

Trafikk til hvl.no

Facebook er heilt klart den største trafikkdrivaren til hvl.no, med 25 000 sesjonar i perioden (ubetalt).

Mål for Facebook framover

  • Få større andel følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.
  • Lage korte videoar.
  • Vurdere om vi skal ha eiga fb-side for etter- og vidareutdanning.

Twitter

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for Twitterprofilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 3 837 følgjarar per 31. mars.

Frå mars har vi gjort ei dreiing av korleis vi brukar Twitter. Frå at vi tidlegare i stor grad delte saker frå medierapporten, vil vi no i større grad bruke allereie publisert innhald frå andre, som å retweete rektor og andre tilsette, og like og kommentere tweets frå aktuelle aktørar. Vi vil som før dele saker frå hvl.no. Denne dreiinga er basert på både at vi ser at vi har lav rekkevidde på det vi postar på Twitter, og det faktum at det som i størst grad treff på Twitter er personlege meiningsytringar, politikk og underhaldning.

Vi brukar verktøyet Tweetdeck til å følgje med på aktuelle samtalar.

Trafikk til hvl.no

Twitter har generert 440 sesjonar til hvl.no i perioden.

Strategi framover

Det at Twitter på landsbasis har ein stagnasjon i bruk, og det vi skriv i avsnittet over, gjer at vi i mindre grad vil bruke mykje ressursar på å produsere innhald til denne kanalen, men i større grad overvake og delta der det er aktuelt.

LinkedIn

Målgrupper og følgjarar

  • Målgruppene for LinkedIn-profilen vår er nærings- og arbeidsliv og forskingsmiljø.
  • Vi har 29 000 følgjarar.
  • Nær halvparten av følgjarane våre held til i Bergensområdet. Vi ser at vi har flest følgjarar innan bransjen olje og energi, etterfulgt av offentleg forvaltning og høgare utdanning.

Innlegg, rekkevidde og engasjement

Vi har eit snitt på 1 post per dag viss vi ikkje reknar med helg. LinkedIn er i stor grad ein desktop-aktivitet, dvs. at dei fleste besøker LinkedIn i arbeidstida.

Vi har generelt lavt engasjement på postane våre, med eit snitt på 0, 32 %.

Trafikk til hvl.no

LinkedIn har generert 504 sesjonar til hvl.no i perioden.

Mål for LinkedIn

Også på LinkedIn ønskjer vi å gjere nokre endringar. Frå å tidlegare stort sett berre dele saker frå medierapporten, vil vi legge ned meir arbeid i å lage innhald for denne kanalen. Vi skal fokusere på aktuell forsking, løfte fram tilsette som er aktive, dele større HVL-arrangement og skape innhald relatert til master og EVU.

Vi skal

  • få fleire følgjarar frå andre stader i landet enn Bergen.
  • få fleire følgjarar innan bransjar vi er store på, som helse og utdanning.
  • auke tal eksponeringar og engasjement.

YouTube

På YouTube lastar vi opp filmane våre, men produserer ikkje innhald på same måte som i dei andre kanalane. Vi har oppretta spelelister for campusane våre, studietilbod osv.

Målgruppe

Målgruppa er potensielle studentar. Vi har 146 abonnentar på kanalen vår. Det viktigaste på YouTube er å ha relevante søkeord på videoane våre, slik at vi blir synlege ved aktuelle søk.

Trafikk til hvl.no

YouTube har generert 1 570 sesjonar til hvl.no i perioden (inkluderer betalt annonsering på YouTube).

Mål for YouTube framover

  • Gå gjennom videoar og passe på at aktuelle søkeord er lagt inn.

Medieanalyse for 3. kvartal 2019

HVL var omtalt i 750 saker i media i 3. kvartal 2019. Det er over 100 gangar meir en same kvartal i fjor, men 150 saker færre enn førre kvartal. Men for å forstå korleis HVL synleggjer seg i media må vi sjå nærare på kva medium vi er synlege i, og korleis sakene fordeler seg mellom positive, negative og nøytrale oppslag.

Litt over 48 prosent kjem i kategorien positive oppslag. Dette er ei ganske stor auke frå 2. kvartal då prosentandelen låg på 37 prosent. Positive oppslag vil seie saker som profilerer den faglege verksemda og profilen vår. Det kan også vere saker der våre tilsette uttaler seg som fagekspertar. Vi kan gi døme på mange positive saker i denne perioden. Ei sak som fekk stor spreiing i ulike kanalar og medium over heile landet, var til dømes professor og økolog Stein Joar Hegland si forsking på blåbær og den sviktande blåbærhausten. Det same gjaldt eit oppslag om bruk av VR-teknologi som vart vist fram på ei tverrfagleg forskingsutstilling ved campus Bergen i september. Mange tilsette har dessutan bidratt med kronikkar i denne perioden, og fleire har uttala seg som fagekspertar. Professor og samlivsekspert Frode Thuen må nemnast som ein gjengangar på det sistnemnde området.

HVL hadde ganske få negative oppslag i perioden. Dei negative oppslaga utgjer berre 3 prosent, mot 6 prosent i førre kvartal.  Det har altså blitt fleire positive og færre negative saker. Brorparten av dei negative oppslaga handlar om sviktande søkjartal til fleire av utdanningane ved HVL.

Resten av saken kjem i kategorien nøytral. Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskulen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar.

Statistikken viser at vi har fått fleire oppslag i lokale medium enn førre kvartal. Då var 34 prosent av oppslaga i lokale medium, mot 41 prosent i dette kvartalet.

24 prosent av oppslaga er i riksmedium og 9 prosent er regionale medium, omtrent på same nivå som førre kvartal. Resten (26 prosent) kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

Søylediagrammet under viser ser ein korleis omtalen fordeler seg på fylker basert på kor kjeldene er plassert geografisk.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er HVL omtala flest gangar i Khrono (48), slik tilfellet også var i førre kvartal. Deretter følgjer Sogn avis (38), avisa Sunnhordaland (33) og Haugesunds Avis (31). Samtidig er rekkevidde (altså kor mange lesarar, sjåarar eller lyttarar kanalen har) viktig for å vurdere kor godt HVL faktisk synleggjer seg i mediebildet.

Medieanalyse for 2. kvartal 2019

HVL var omtalt i vel 900 saker i media i 2. kvartal 2019. Dette er omtrent på same nivå som i same periode i fjor. Omtalen artar seg på ulike måtar. I nokre saker er HVL nemnt i ein breiare samanheng.  I andre saker uttaler tilsette ved HVL seg innan ulike fagområde, eller studentar og fagmiljø ved HVL blir omtala. Nokre få saker set høgskulen i eit negativt lys.

Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskulen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar. 58 prosent av oppslaga kjem i denne kategorien. Det er vanleg at fleirtalet av sakene er nøytrale.

37 prosent av sakene er positive for HVL. Det vil seie at dei profilerer den faglege verksemda og profilen vår. Vi nemner til dømes oppslag i BT om professor Eldbjørg Fossgard som basert på forsking åtvarar mot praksisen med film og TV i matpausen på skulen.  I denne kategorien kjem også ulike kronikkar og saker på forskning.no.

6 prosent kjem i kategorien negative oppslag,  og har gått litt opp frå 4 prosent i førre kvartal. Vi nemner til dømes oppslag i Khrono om manglar i kvalitetsarbeidet ved HVL, oppslag i avisa Sunnhordland om at HVL-tilsette på Stord er uroa for framtida, og oppslag i Khrono og BT om musikkprofessor Njål Vindenes som sluttar ved HVL i protest.

34 prosent av sakene er i lokale medium. 24 prosent i er i riksmedium og 10 prosent er i regionale medium. Resten kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

I søylediagrammet under ser ein korleis omtalen fordeler seg på fylker basert på kor kjeldene er plassert.

52 prosent av oppslaga er i aviser. Deretter følgjer ulike nettmagasin (vel 15 prosent) og fagtidsskrift (vel 13 prosent).

Ser vi på frekvens, er Khrono mediet som har omtalt HVL flest gangar og i denne perioden, slik var det også i 1. kvartal. Deretter følgjer BT og Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium). Samtidig er rekkevidde viktig for å vurdere kor godt HVL faktisk klarar å synleggjere seg i mediebildet. Her ligg verken Khrono eller Fagpressenytt øvst på lista, men saker frå større medium som Aftenposten, NRK og liknande.

Medieanalyse for HVL, 1. kvartal 2019

I første kvartal 2019 var HVL omtalt i 784 saker i media, mot 711 for same periode i fjor.  Sakene omhandlar høgskulen på ulike i måtar. I enkelte saker uttaler tilsette ved HVL seg som ekspertar innan eit fagområde,  i andre saker er HVL nemnd som ein aktør i ein breiare samanheng, og i nokre få saker blir høgskulen sett i eit negativt lys.

27 prosent av sakene er positive for HVL. Det vil seie at er saker som profilerer HVL si faglege verksemd og profil. Det kan til dømes handle om fagtilsette som uttaler seg som om sitt fagfelt, kronikkar, eller andre saker som omtaler utdanningane eller forskingsaktiviteten ved HVL.  Fleire tilsette har hatt kronikkar på trykk i perioden. Vi nemner til dømes Astrid Synnøve Litland og Ragnhild Sollesnes om vaskinemotstand (BT), og Alicja Renata Sadinowic om barnevern og barnehagen (Stavanger Aftenblad). Fleire studentar ved barhagelærarutdanninga har også hatt kronikkar/debattinnlegg om med barnhagen som tema i perioden, mellom anna i BT. Andre oppslag som kan nemnast er til dømes sak i BT om bortkasta helseforsking (EU-støtta prosjekt leia av Hans Lund), og intervju med Monika Alvestad Reime i Dagbladet om barnevern.

Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Det kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar. 69 prosent av sakene kjem i denne kategorien.

Berre 4 prosent av oppslaga er negative for HVL.  Blant desse er mellom anna oppslag i Khrono om misnøye med den nye K2-bygget ved campus Bergen (27.2.19), oppslag om mangel på administrative ressursar (Khrono, 19.01.19), lærarstudentar som meiner praksisstudia ikkje rustar dei godt nok til lærarrolla (BA, 25.02.19), og oppslag i Studvest om manglande system for varsling om seksuell trakassering (27.02.19)

Ser vi på frekvens, er Khrono mediet som har omtalt HVL flest gangar i denne perioden. Deretter følgjer Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium) og Sogn Avis. Samtidig er rekkevidde viktig for å vurdere kor godt HVL klarar å synleggjere seg. Her ligg verken Khrono, Fagpressenytt eller Sogn Avis øvst på lista, men saker frå større medium som A-magasinet, NRK, Dagbladet og BT.

Det meste av omtalen kjem i aviser (vel 50 prosent), deretter følgjer nettmagasin og fagtidsskrift.

Som vanleg er dei fleste sakene på nett (vel 67 prosent), deretter følgjer print (vel 29 prosent) og til slutt radio, tv osv. som står for 2,8 prosent.

Medieanalyse for 4. kvartal 2018

HVL hadde totalt 708 treff i media i 4. kvartal 2018, mot rundt 800 i same periode i fjor. 32 prosent av sakene har vore i lokale medium, 24 prosent i riksmedium og 10 prosent i regionale medium. Resten kjem i kategorien «anna dekning», det vil seie type fagpresse/ magasin osv. kor nemningane riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

Vel 32 prosent av sakene profilerer HVL på ein positiv måte (mot 28 prosent i 3. kvartal), medan berre 2,5 prosent av sakene er negative (mot 3,6 prosent i 3. kvartal).

Av positive oppslag i denne perioden kan vi mellom anna nemne ny maritim bachelorutdanning skreddarsydd for søkarar med toårig maritim fagskule, bioingeniørutdanninga som fekk utdanningskvalitetsprisen og nytt nasjonalt senter for klimatilpassing i Sogndal. Saker som også kjem i kategorien positive er saker der tilsette ved HVL uttalar seg som fagekspertar, eller profilerer faget sitt gjennom kronikkar og debattinnlegg.

Dei negative oppslaga er heldigvis ikkje så mange, men må likevel nemnast. HVL er ein av institusjonane som har fått kritikk for manglande kontroll med overtid (oppslag i Khrono), lærarstudentar meiner utdanninga ikkje set dei i stand til å handtere mobbing (oppslag i Studvest), og lova om sensurfrist blir broten medan HVL manglar oversikt over omfanget (Khrono).

Resten av sakene er nøytrale for HVL sin del. Det vil seie sakene verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Dette kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar.

Oversikta under viser korleis omtalen fordeler seg på fylka, basert på kor mediet høyrer heime geografisk. Nær 48 prosent kjem i kategorien «riks», det vil seie nasjonale medium eller medium som ikkje blir naturleg å plassere i eitt fylke. Medium i Hordaland står for vel 19 prosent, Sogn og Fjordane for nær 14 prosent og Rogaland for vel 4 prosent. Resten fordeler seg på andre fylker.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er det Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium) som har nemnt HVL flest gangar (45 saker). Deretter følgjer Khrono (42), Firda og Bergens Tidende (36).

Det meste av omtalen kjem i aviser (vel 48 prosent), deretter følgjer nettmagasin og fagtidsskrift.

Som vanleg er dei fleste sakene på nett (vel 64 prosent), deretter følgjer print (nær 31 prosent) og til slutt radio, tv osv. som står for 4,5 prosent.

Medieanalyse for 3. kvartal

HVL hadde totalt 636 treff i media i 3. kvartal. Nær 28 prosent har eit positivt forteikn, medan 3,6 prosent kjem i kategorien negative oppslag.

Fleire tilsette ved HVL markerte seg positivt under Forskingsdagane. I Sogn og Fjordane blei den faglege verksemda mellom anna profilert gjennom ein serie kronikkar frå HVL-tilsette i lokalmedia. Høgskulen på Vestlandet har fått skryt av namnevalet av Språkrådet, NRK har hatt ei sak om god rekruttering av menn til vernepleiarutdanninga, barnehagelærarutdanninga ved HVL (Bergen) feira 70 år (BT) og mange tilsette har i perioden bidratt med kronikkar i ulike aviser som til dømes BT, Dagbladet, Khrono og forskning.no.

Dei negative oppslaga er få, men må likevel nemnast: Saka om ein student som kjenner seg diskriminert av HVL på grunn av seksuell legning har rulla vidare.  I kjølevatnet av opptakstala i juli, kom det oppslag i fleire aviser om sviktande rekruttering til lærarutdanninga på Stord og i Sogndal og ingeniørutdanninga i Haugesund. Ei gruppe studentar ved lærarutdanninga ved HVL hadde i september eit innlegg i BT der dei meiner at dei ikkje lærer nok om handtering av mobbing i utdanninga.

Vel 68 prosent av sakene har eit nøytralt forteikn for HVL. Det er i tråd med tidlegare tendensar. Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen.

Kor kjem så sakene om HVL?  Statistikken viser at vel 33 prosent av sakene er i lokale medium (som til dømes Firda, Sogn avis, Haugesunds avis, Bergensavisen etc.) Nær 23 prosent kjem i nasjonale medium, som til dømes  NRK, Dagens Næringsliv, VG, Aftenposten eller Khrono.  Nær 14 prosent kjem i regionale medium, mesteparten her er Bergens Tidende.  Nær 30 prosent kjem i kategorien «annen dekning».  Dette er er type fagpresse/ magasin osv. kor betegnelsen riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er HVL nemnt flest gangar i Bergens Tidende, deretter følgjer Khrono, Firda, Haugesunds Avis og Sogn Avis.

Når det gjeld type medium står aviser for brorparten av omtalen (54 prosent). Deretter følgjer ulike typar nettmagasin og magasin.

Oversikta under viser korleis omtalen fordeler seg på fylkene, basert på kor mediet høyrer heime geografisk. Nær 45 prosent kjem i kategorien «Riks», det vil seie nasjonale medium eller medium som ikkje blir naturleg å plassere i eitt fylke. Medium i Hordaland står for vel 21 prosent, Sogn og Fjordane for vel 15 prosent og Rogaland for vel 8 prosent. Resten fordeler seg på andre fylker.

Medieanalyse for 2. kvartal

HVL hadde totalt 943 treff i media i 2. kvartal 2018. Sakene omhandlar høgskulen på ulike i måtar. I enkelte saker uttaler tilsette ved HVL seg som ekspertar innan eit fagområde,  i andre saker er HVL nemnd i ein større samanheng, og i nokre saker blir høgskulen sett i eit negativt lys. Vi skal komme nærare inn på alt dette.

Dei aller fleste av sakene om HVL er nøytrale. Så mykje som 77 prosent kjem i denne kategorien. I desse sakene kan HVL vere nemnt i ein større samanheng, eller sakene kan verken seiast å vere omdømmebyggande eller gi eit negativt inntrykk av organisasjonen.

22 prosent kjem i kategorien positive. Ei sak som gav stor spreiing i juni  var saka om ny forsking ved HVL som skal gi svar på korleis mensen påvirkar idrettsprestasjonen. Saka sto mellom anna i Adresseavisen, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Sunnmørsposten, for å nemne nokre. Her fekk HVL profilert noko av si faglege verksemd på ein bra måte. Andre oppslag som kjem i kategorien positive er saker der HVL-tilsette uttaler seg som ekspertar innan eit fagområde. Vi kan mellom anna nemne Oddbjørn Bukve (regionreformar), Carlo Aall (turisme og berekraftig utvikling) og Frode Thuen (samliv).  Linda Moen Rebni hadde eit debattinnlegg i BT om skuleelevar sin arbeidskvardag.  Tilsette som engasjerer seg i samfunnsdebatten og bidrar med kronikkar og debattinnlegg bidrar til å bygge høgskulen sitt omdømme som kompetanseorganisasjon.

2 prosent av oppslaga er negative for HVL. Ei av sakene er eit oppslag i Firda om studentar som føler seg lurte av høgskulen i samband med opptak til bachelor i idrettsfag. Andre negative oppslag er knytt til intern uro og kritikk knytt til opne kontorløysingar i det nye høgskulebygget i Bergen. Studvest hadde i mai eit oppslag om den alternative oppgåva som vart gitt til studentar som ikkje kunne delta på studietur ved barnehagelærarutdanninga i Bergen. Her uttrykte også barnehagar stor skepsis til HVL sitt alternativ.

34 prosent av sakene er i lokale medium. 22 prosent er i riksmedium og 13 prosent i regionale medium. 30 prosent kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg.

 

 

Over 50 prosent av sakene er i aviser. Deretter følger nettmagasin og kringkasting. Dersom vi går djupare og ser på kjelder og frekvens er det Bergens Tidende som har flest saker der HVL er nemnt, etterfølgd av Fagpressenytt, Khrono, Bergensavisen og Sogn avis.  I kakediagrammet under kjem kjelder som har under 30 treff i kategorien «andre». Det betyr likevel ikkje at desse sakene gir mindre «output» for HVL (dersom positive)  Til dømes vil ei sak NRK riks ha større rekkevidde enn ei sak i Fagpressenytt. Verdien er også avhengig av konteksten, altså om HVL berre er nemnt i ein større samanheng,  eller om HVL får fokus i saka i positiv forstand.

 

 

Medieanalyse for februar 2018

Høgskulen på Vestlandet hadde totalt 232 treff i media i februar. I tråd med tidligere tendenser er det flest nøytrale oppslag (64 prosent). Saker som havner i kategorien «nøytral» vil si oppslag der høgskulen er omtalt, men som verken etterlater et negativt inntrykk eller profilerer høgskulen spesielt.

26 prosent av sakene er positive for høgskulen. Det vil si at de profilerer fagligheten og profilen til HVL. Frode Thuen ved HVL forteller at aktiviteter sammen, er en god oppskrift på et langt og godt samliv. HVL er med på et prosjekt der de forsker på autonome båter. Målet er å utvikle prototyper som kan testes på Mjøsa. Det er skrevet om ønske om at regjeringen skal foreslå å heve bevilgningen til barnehagelærerutdanningen i statsbudsjettet for 2019. Tre bioingeniørstudenter ved HVL har fått Frank Mohn-prisen 2017.  Senter for omsorgsforskning Vest ved HVL utvikler tjenester som skal gjøre det bedre for dem som har demens. Utformingen av nybygg er et hett tema, der HVL går inn for åpne landskap i nybygget K2.

Søylegrammet under forteller noe om størrelsen på kildene der HVL er omtalt. Dette viser at vi har hatt mest omtale i «annen dekning» i februar. Det vil si regionale aviser/radio/nettsteder og lignende som faller naturlig under kategoriene lokal/regional/riks. Vel 45 prosent av omtalen har vært i her. 20 prosent av omtalen kommer i kategorien lokal dekning. 7 prosent er i regionale medium og 27 i riksmedium.

 

De fleste sakene er på web (89 prosent). Print utgjør 47 prosent, og resten er radio.  Når det gjelder enkeltmedium har Fagpressenytt, Bergens Tidende, Khrono, Sogn Avis, Sunnhordaland, På Høyden, A-magasinet -papirutgaven og Studvest flest saker der HVL er omtalt, deretter følger Universitetsavisen, Skips-Revyen, Norsk Forskerforbund, På Høyden, NRK P2 og Dagsavisen.

Medieanalyse for januar 2018

Høgskulen på Vestlandet hadde totalt 225 treff i media i januar. I tråd med tidligere tendenser er det flest nøytrale oppslag (46 prosent).  Saker som havner i kategorien «nøytral» vil si oppslag der høgskulen er omtalt, men som verken etterlater et negativt inntrykk eller profilerer høgskulen spesielt.

45 prosent av sakene er positive for høgskulen. Det vil si at de profilerer fagligheten og profilen til HVL. «Sogn og Fjordane» modellen blir fremhevet som en god modell som fremhever Sogn og Fjordane. En ekstrajobb for studenter skaper forsprang for dem ellers i livet. Frode Thuen ved HVL forteller om hvordan du kan takle sjalusi, ved blant annet å unngå å handle på de sjalue tankene. Og etterspørsel etter ingeniører fra næringslivet har gått opp.

Søylegrammet under forteller noe om størrelsen på kildene der HVL er omtalt. Dette viser at vi har hatt mest omtale i «annen dekning» i januar. Det vil si regionale aviser/radio/nettsteder og lignende som faller naturlig under kategoriene lokal/regional/riks. Vel 36 prosent av omtalen har vært i her. 36 prosent av omtalen kommer i kategorien lokal dekning. 8 prosent er i regionale medium og 20 i riksmedium.

 

De fleste sakene er på web (56 prosent). Print utgjør 38 prosent, og resten er radio.  Når det gjelder enkeltmedium har Firdaposten, Firda, Bergens Tidende,  Studvest, Haugesund Avis, Sogn Avis, Bergensavisen og NRK Radio flest saker der HVL er omtalt, deretter følger På Firda, NRK Radio P2, Stavanger Aftenblad, A-magasinet papirutgave, Sunnhordaland og Klassekampen.