Medieanalyse for 2. kvartal

HVL hadde totalt 943 treff i media i 2. kvartal 2018. Sakene omhandlar høgskulen på ulike i måtar. I enkelte saker uttaler tilsette ved HVL seg som ekspertar innan eit fagområde,  i andre saker er HVL nemnd i ein større samanheng, og i nokre saker blir høgskulen sett i eit negativt lys. Vi skal komme nærare inn på alt dette.

Dei aller fleste av sakene om HVL er nøytrale. Så mykje som 77 prosent kjem i denne kategorien. I desse sakene kan HVL vere nemnt i ein større samanheng, eller sakene kan verken seiast å vere omdømmebyggande eller gi eit negativt inntrykk av organisasjonen.

22 prosent kjem i kategorien positive. Ei sak som gav stor spreiing i juni  var saka om ny forsking ved HVL som skal gi svar på korleis mensen påvirkar idrettsprestasjonen. Saka sto mellom anna i Adresseavisen, Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Sunnmørsposten, for å nemne nokre. Her fekk HVL profilert noko av si faglege verksemd på ein bra måte. Andre oppslag som kjem i kategorien positive er saker der HVL-tilsette uttaler seg som ekspertar innan eit fagområde. Vi kan mellom anna nemne Oddbjørn Bukve (regionreformar), Carlo Aall (turisme og berekraftig utvikling) og Frode Thuen (samliv).  Linda Moen Rebni hadde eit debattinnlegg i BT om skuleelevar sin arbeidskvardag.  Tilsette som engasjerer seg i samfunnsdebatten og bidrar med kronikkar og debattinnlegg bidrar til å bygge høgskulen sitt omdømme som kompetanseorganisasjon.

2 prosent av oppslaga er negative for HVL. Ei av sakene er eit oppslag i Firda om studentar som føler seg lurte av høgskulen i samband med opptak til bachelor i idrettsfag. Andre negative oppslag er knytt til intern uro og kritikk knytt til opne kontorløysingar i det nye høgskulebygget i Bergen. Studvest hadde i mai eit oppslag om den alternative oppgåva som vart gitt til studentar som ikkje kunne delta på studietur ved barnehagelærarutdanninga i Bergen. Her uttrykte også barnehagar stor skepsis til HVL sitt alternativ.

34 prosent av sakene er i lokale medium. 22 prosent er i riksmedium og 13 prosent i regionale medium. 30 prosent kjem i kategorien «anna dekning». Det vil seie saker i fagpresse/ magasin osv. kor inndelinga riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg.

 

 

Over 50 prosent av sakene er i aviser. Deretter følger nettmagasin og kringkasting. Dersom vi går djupare og ser på kjelder og frekvens er det Bergens Tidende som har flest saker der HVL er nemnt, etterfølgd av Fagpressenytt, Khrono, Bergensavisen og Sogn avis.  I kakediagrammet under kjem kjelder som har under 30 treff i kategorien «andre». Det betyr likevel ikkje at desse sakene gir mindre «output» for HVL (dersom positive)  Til dømes vil ei sak NRK riks ha større rekkevidde enn ei sak i Fagpressenytt. Verdien er også avhengig av konteksten, altså om HVL berre er nemnt i ein større samanheng,  eller om HVL får fokus i saka i positiv forstand.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *