Medieanalyse for 3. kvartal

HVL hadde totalt 636 treff i media i 3. kvartal. Nær 28 prosent har eit positivt forteikn, medan 3,6 prosent kjem i kategorien negative oppslag.

Fleire tilsette ved HVL markerte seg positivt under Forskingsdagane. I Sogn og Fjordane blei den faglege verksemda mellom anna profilert gjennom ein serie kronikkar frå HVL-tilsette i lokalmedia. Høgskulen på Vestlandet har fått skryt av namnevalet av Språkrådet, NRK har hatt ei sak om god rekruttering av menn til vernepleiarutdanninga, barnehagelærarutdanninga ved HVL (Bergen) feira 70 år (BT) og mange tilsette har i perioden bidratt med kronikkar i ulike aviser som til dømes BT, Dagbladet, Khrono og forskning.no.

Dei negative oppslaga er få, men må likevel nemnast: Saka om ein student som kjenner seg diskriminert av HVL på grunn av seksuell legning har rulla vidare.  I kjølevatnet av opptakstala i juli, kom det oppslag i fleire aviser om sviktande rekruttering til lærarutdanninga på Stord og i Sogndal og ingeniørutdanninga i Haugesund. Ei gruppe studentar ved lærarutdanninga ved HVL hadde i september eit innlegg i BT der dei meiner at dei ikkje lærer nok om handtering av mobbing i utdanninga.

Vel 68 prosent av sakene har eit nøytralt forteikn for HVL. Det er i tråd med tidlegare tendensar. Nøytrale oppslag er saker som verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen.

Kor kjem så sakene om HVL?  Statistikken viser at vel 33 prosent av sakene er i lokale medium (som til dømes Firda, Sogn avis, Haugesunds avis, Bergensavisen etc.) Nær 23 prosent kjem i nasjonale medium, som til dømes  NRK, Dagens Næringsliv, VG, Aftenposten eller Khrono.  Nær 14 prosent kjem i regionale medium, mesteparten her er Bergens Tidende.  Nær 30 prosent kjem i kategorien «annen dekning».  Dette er er type fagpresse/ magasin osv. kor betegnelsen riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er HVL nemnt flest gangar i Bergens Tidende, deretter følgjer Khrono, Firda, Haugesunds Avis og Sogn Avis.

Når det gjeld type medium står aviser for brorparten av omtalen (54 prosent). Deretter følgjer ulike typar nettmagasin og magasin.

Oversikta under viser korleis omtalen fordeler seg på fylkene, basert på kor mediet høyrer heime geografisk. Nær 45 prosent kjem i kategorien «Riks», det vil seie nasjonale medium eller medium som ikkje blir naturleg å plassere i eitt fylke. Medium i Hordaland står for vel 21 prosent, Sogn og Fjordane for vel 15 prosent og Rogaland for vel 8 prosent. Resten fordeler seg på andre fylker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *