Medieanalyse for 4. kvartal 2018

HVL hadde totalt 708 treff i media i 4. kvartal 2018, mot rundt 800 i same periode i fjor. 32 prosent av sakene har vore i lokale medium, 24 prosent i riksmedium og 10 prosent i regionale medium. Resten kjem i kategorien «anna dekning», det vil seie type fagpresse/ magasin osv. kor nemningane riks-, region- og lokal ikkje blir like naturleg å bruke.

Vel 32 prosent av sakene profilerer HVL på ein positiv måte (mot 28 prosent i 3. kvartal), medan berre 2,5 prosent av sakene er negative (mot 3,6 prosent i 3. kvartal).

Av positive oppslag i denne perioden kan vi mellom anna nemne ny maritim bachelorutdanning skreddarsydd for søkarar med toårig maritim fagskule, bioingeniørutdanninga som fekk utdanningskvalitetsprisen og nytt nasjonalt senter for klimatilpassing i Sogndal. Saker som også kjem i kategorien positive er saker der tilsette ved HVL uttalar seg som fagekspertar, eller profilerer faget sitt gjennom kronikkar og debattinnlegg.

Dei negative oppslaga er heldigvis ikkje så mange, men må likevel nemnast. HVL er ein av institusjonane som har fått kritikk for manglande kontroll med overtid (oppslag i Khrono), lærarstudentar meiner utdanninga ikkje set dei i stand til å handtere mobbing (oppslag i Studvest), og lova om sensurfrist blir broten medan HVL manglar oversikt over omfanget (Khrono).

Resten av sakene er nøytrale for HVL sin del. Det vil seie sakene verken profilerer høgskolen sitt fagmiljø/profil spesielt, eller gir et etterlatt negativt inntrykk av organisasjonen. Dette kan til dømes vere saker der HVL er nemnt i ulike samanhengar.

Oversikta under viser korleis omtalen fordeler seg på fylka, basert på kor mediet høyrer heime geografisk. Nær 48 prosent kjem i kategorien «riks», det vil seie nasjonale medium eller medium som ikkje blir naturleg å plassere i eitt fylke. Medium i Hordaland står for vel 19 prosent, Sogn og Fjordane for nær 14 prosent og Rogaland for vel 4 prosent. Resten fordeler seg på andre fylker.

Ser vi på frekvens i enkeltmedium er det Fagpressenytt (portal som publiserer nyheiter, reportasjar og artiklar frå mange fag- og nisjemedium) som har nemnt HVL flest gangar (45 saker). Deretter følgjer Khrono (42), Firda og Bergens Tidende (36).

Det meste av omtalen kjem i aviser (vel 48 prosent), deretter følgjer nettmagasin og fagtidsskrift.

Som vanleg er dei fleste sakene på nett (vel 64 prosent), deretter følgjer print (nær 31 prosent) og til slutt radio, tv osv. som står for 4,5 prosent.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.